Inkludering av unge vaksne i arbeidslivet er ei stor utfordring i Noreg, Norden og mange europeiske land. Framveksten av det kunnskaps- og tenestebaserte samfunnet har endra vilkåra for å delta i arbeidsmarknaden.
Må planleggje framtida
– Større krav til språkferdigheiter, digitale ferdigheiter, sosiale ferdigheiter og evne til å oppdatere seg fagleg, gjer at unge meir aktivt må planleggje framtida. Overgangen frå utdanning til arbeidsliv tek lengre tid, og terskelen dei skal over har vorte høgare, seier forskar Rune Halvorsen ved OsloMet.
Han kom i desember 2018 med ei ny bok om temaet Youthy, Diversity and Employment. Saman med kollega Bjørn Hvinden har han redigert ei bok som tek opp utfordringane dei nordiske landa står overfor.
– Dei som ikkje har fullført vidaregåande skule og dei som har andre problem, vil lettare kunne falle frå. Samanlikna med dei andre nordiske landa, skil Noreg seg negativt ut når det gjeld fullføringsgrad på vidaregåande skule, påpeikar Halvorsen.
Større krav til språkferdigheiter, digitale ferdigheiter, sosiale ferdigheiter og evne til å oppdatere seg fagleg, gjer at unge meir aktivt må planleggje framtida.– Rune Halvorsen
Dette må gjerast
OsloMet-forskaren trekkjer fram fire tiltak for å stoppe veksten i unge uføretrygda i Noreg.
1. Universell utforming og tilrettelegging
Styresmaktene kan vidareutvikle utdannings- og kvalifiseringstiltaka slik at dei blir tilgjengelege for unge funksjonshemma og ungdom med psykiske helseproblem.
Samanfatta dreier det seg mykje om å få til ei betre utnytting, kombinasjon og samordning.– Rune Halvorsen
Det er behov for meir universell utforming og betre individuell tilrettelegging i utdanning, kurs og arbeidstrening for unge vaksne funksjonshemma.
Det er også eit spørsmål om støtteordningane i Statens lånekasse og arbeidsavklaringspengane i Nav er tilstrekkeleg fleksible for dei som treng lengre tid på å bli ferdige med utdanninga.
2. Styrke handhevinga av likestillings- og diskrimineringsloven, arbeidsmiljølova og plan- og bygningslova
Norske styresmakter kan gi meir ressursar og makt til Likestillingsombodet og Arbeidstilsynet. Dette er institusjonar som er meinte å skulle bidra til at unge funksjonshemma ikkje blir diskriminerte ved tilsetjingar og at dei ikkje mistar jobben utan sakleg grunn.
Likestillingsombodet og Arbeidstilsynet skal vere lågterskeltilbod som skal gjere det enklare for folk å få hjelp enn om dei måtte gå til domstolane for å hevde rettane sine.
3. Meir bruk av lønnstilskot
Styresmaktene kan i større grad og meir kraftfullt bidra til å skape fleire arbeidsplassar ved å gi lønnstilskot til arbeidsgivarane.
Lønnstilskot er ei ordning som skal sikre at arbeidsgivarar ikkje taper pengar på å tilsetje nokon som kanskje har litt lågare yteevne.
Samanlikna med Danmark og Sverige er bruken av lønnstilskot relativt lite utbygd i Noreg. Norske styresmakter kan også bidra med støtte til å opprette varige eller mellombelse tiltaksplassar.
4. Trekkje fram dei gode døma
I arbeidet med ny avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen), bør styresmaktene trekkje fram bedrifter som går føre og tilset unge funksjonshemma og yngre med psykiske helseproblem, som til dømes Stormberg.
Så langt har ikkje IA-avtalen hatt synlege gevinstar for å auke andelen personar med funksjonsnedsetjingar i arbeidslivet.
– Må ta nye grep
– Oppsummert dreier det seg mye om å få til en bedre utnyttelse, kombinering og samordning av disse fire strategiene, konkluderer Halvorsen.
– Skal den norske velferdsstaten fortsette å være bærekraftig må myndighetene ta nye grep. Den aldrende befolkningen og endringer i arbeidsmarkedet vil kreve innovative løsninger for å sikre høyest mulig sysselsetting blant unge voksne.
Denne artikkelen ble opprinnelig publisert på hioa.no/vitenogpraksis 17.10.2018.