Prosjektet skal bidra til å styrkje kvalitet og relevans i jordmorfagleg forsking og utdanning i Ghana og Palestina.
Vår intensjon er å ha ein positiv innverknad på samfunnet gjennom betre kvalifiserte og respekterte jordmødrer, berekraftige helsetenester til mor og barn, evidensbasert praksis, og dessutan bidra til auke kunnskap.
Prosjektet er eit samarbeid mellom jordmor-miljøet ved OsloMet og samarbeidspartnarar i Palestina og Ghana, og blir finansiert av NORAD.
Mykje av dagens forsking er gjort i vestlege land med andre utfordringar. Prosjektet skal bidra til meir kunnskap om kvinnehelse i Palestina og Ghana, som også kan vere relevant for andre låginntektsland.
Overordna mål er å forbetre omsorg og auke livskvalitet for mødrer og barn, og redusere talet på dødsfall og skadar som oppstår i samband med fødsel og barsel.
Prosjektet skal:
- styrkje jordmorfaget i låginntektsland ved å utdanne jordmødrer slik at kvinnene som skal føde får ei respektfull og tilpassa behandling.
- utvikle lokal forskingskompetanse for å betre helsa for mødrer og barn i låginntektsland.
- bidra til at jordmødrer får betre arbeidsforhold og får styrkt autonomien og respekten sin som yrkesgruppe.
Prosjektdeltakarar
Samarbeidspartnarar
- Faculty of Pharmacy, Nursing and Health Professions, Birzeit University (på engelsk, birzeit.edu), prosjektleiar: Sahar Hassan (birzeit.edu)
- School of Nursing and Midwifery, University of Ghana (på engelsk, nursing.ug.edu.gh), prosjektleiar: Florence Naab