Gir helsepersonell kompetanse til å drifte kliniske studiar

Ein forskar holder eit glassrør over eit speil i laboratoriet.

Både pasientar og styresmakter ønskjer betre tilgang til å delta i forskingsprosjekt. Målet er at pasientar skal få best mogleg behandling og at dei skal kunne delta i kliniske studiar nærast mogleg heimstaden. Ved å utdanne helsepersonell til forskingsarbeid aukar helsevesenet si evne til å gjennomføre slike prosjekt.

Studentar frå heile landet

For mellom anna å ta prøver eller følgje opp eit behandlingsopplegg på rett måte, er det avgjerande at helsepersonell over heile landet har kunnskap og kompetanse til å kunne bidra inn i kliniske forskingsprosjekt, tett på pasientane.

Derfor har OsloMet, i samarbeid med Nasjonalt forskningssenter for klinisk kreftbehandling (MATRIX) (matrix-fkb.no) utvikla emnet, som blir gjennomført digitalt. Studentane er frå heile landet.

Ved å styrkje kompetansen oppnår vi både at pasientar får betre behandling, og at helsepersonell får meir interessante oppgåver slik at dei held fram med å jobbe i helsevesenet. – Gro Jamtvedt
Portrettfargebilde av Gro Jamtvedt.

Ønskjer fagleg breidde

– For å drive kliniske studiar treng ein gode forskingsmiljø, men ein treng også kompetente medarbeidarar som bidreg i drift og gjennomføring av studiane. Det er desse vi no skal utdanne ved OsloMet, seier dekan Gro Jamtvedt ved Fakultet for helsevitenskap.

– Vi er også opptekne av fagleg breidde hos studentane fordi vi meiner at mange ulike profesjonar kan eigne seg godt i slike roller. Vi trur at dei kan bidra inn i kliniske studiar på eit breitt område, utover legemiddelstudiar eller kreftbehandling, understrekar Jamtvedt.

Betre pasientbehandling og redusert fråfall blant helsepersonell

Studiestart for det første kullet vart markert med helsingar frå samarbeidspartnarar.

– Skal klinisk forsking bli ein integrert del av pasientbehandlinga, må vi ha dei rette fagfolka som har kompetanse til å bidra i gjennomføringa av kliniske studiar, var bodskapen frå helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol i helsinga si til studentar og lærarar.

Ole Alexander Opdalshei er assisterande generalsekretær i Kreftforeningen. Han uttrykte glede over at kliniske studiar har fått auka merksemd.

– Det gir oss ny kunnskap, nye behandlingsformer, og gir fleire pasientar høve til å prøve ut ny behandling. Helsepersonell har god kunnskap om dagens behandling, men treng kompetanse til å utvikle behandlingane for framtida. Då trengst prosjektmedarbeidarar, og mangel på personell er ein flaskehals i gjennomføring av kliniske studiar. Med det nye masteremnet får vi auka kapasitet, samtidig med at fleire tilsette vil få ein meir spennande jobb, sa Opdalshei.

Personell er ein sentral innsatsfaktor, og kompetanseutvikling er eit viktig element i å behalde helsepersonell i yrket. – Marianne van der Wel, seniorrådgiver i Helse- og omsorgsdepartementet.

Fakta om emnet

Bakgrunn

Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utførte på menneske for å undersøkje verknad av legemiddel eller andre behandlingsmetodar.

Regjeringas mål er at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all klinisk praksis og pasientbehandling. Talet på kliniske studiar skal aukast, og fleire pasientar skal få tilbod om å delta.

Les Nasjonal handlingsplan for kliniske studier (regjeringen.no).

Les MATRIX sin nyhetssak frå åpninga av emnet (matrix-fkb.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Helsevitenskap-student i hvit uniform snakker og ler med en eldre kvinne.
Om master i helsevitenskap

OsloMet tilbyr mastergrad i helsevitenskap med 13 studiespesialiseringer innenfor ulike helsefaglige områder.

Publisert: 13.11.2023 | Marit Christiansen