Scene frå framsyninga av "Stingenes Stillstand".

Avrunda forskingssamarbeid med Stingenes Stillstand

Førre veke sette Anne Bryhn, Randi Veiteberg og Mimesis Heidi Dahlsveen punktum for eit fleirårig forskingssamarbeid, med den performative hendinga “Stingenes Stillstand.” Eit møte mellom ord, materialitet, rørsle og publikum.

Gjennom korte poetiske, prosatekstar blir døden, det som (ikkje) finst og den manglande vokale stemma til stinget drøfta. Under framsyningane i galleriet i Pilestredet park 33, kunne vi vandre fritt og stille i rommet og ta på broderi, bøker og bilete som var utstilte.

Stingenes Stillstand avrunda dei tidlegare verkane til trioen: "Forteljing og broderi" (basert på den greske myten om Minotauros omgitt av raude broderte panel), "Omsorg" (basert på norrøn mytologi uttrykt gjennom opplausleg stoff) og "Stitches" (basert på dei raude skoa av H.C. Andersen i dialog med broderi på kvite panel). 

Bilete av Heidi frå framsyninga.

Mimesis Heidi Dahlsveen. Frå framsyninga av "Stingenes Stillstand". Foto: Alexander Kayiambakis

Utvida kunstnarisk dialog

Trioen består av ein forteljar, ein tekstilkunstnar og ein koreograf/regissør. Dei er kollegaer ved Institutt for estetiske fag på OsloMet og jobbar innan ulike fagfelt.

Korleis oppstod dette unike og litt overraskande samarbeidet på tvers?

– Eg deltok i eit EU EramusK2-prosjekt med namnet OnLife som handla om etterverknadene av pandemien og korleis ta i bruk digitale verktøy i framsyningar og undervisning, fortel Heidi.

– Randi ville gjerne arbeida med broderi i nye samanhengar og trong internasjonal erfaring - og vart med inn i prosjektet. Då Anne høyrde om kombinasjonen av broderi og forteljing ønskt ho å bidra med faget sitt, og me vart samarbeidspartnarar.

– I ettertid tenkjer me at det ikkje kunne ha vore annleis. Det var noko her som trefte oss, som utvikla oss vidare.

– Samarbeidet har vore utviklande på ein sunn måte, meiner dei tre.

– Kunst handlar om liv. Og det er livet me dreg inn i det kunstnariske samarbeidet vårt.

– Tidleg vart me samde om at kvar vår kunstretning skal ha ei likevekt i synleggjering og nærvær i alt me lager/kreerer.

– Det var ein risiko å gjera det, og det er ikkje faga som hindrar, men våre faglege ståstad og faglege ethos.

– Ein kan ikkje forventa tverrfaglegheit berre ved å setja nokon saman. Det er mykje på spel, og det tek lang tid å bli kjend med kvarandre, understrekar dei.

– Det krev ei sterk sosial innstilling, ein vilje til å gjera det, evne til å lytta og ikkje dominera. Erfaringa vår er at skal tverrfaglegheit fungera, må me søkja og finna kvarandre i ein langvarig prosess.

– Metoden vår, utvida kunstnarisk dialog, kom til etter kvart og beskriv godt utviklinga av samarbeidet, meiner dei tre.

Bilete av Anne Bryhn frå framsyninga.

Anne Bryhn frå framsyninga av "Stingenes Stillstand". Foto: Akexander Kayiambakis

Givande og lærerikt

Samarbeidet til trioen har materialisert seg i fire produksjonar, fem paper performances på konferansar i Oslo, USA og Latvia, og dessutan ein vitskapleg artikkel i Journals of the Latvian Academy of Culture med tittelen “Coming together – extended artistic dialogue”.

Vart resultatet av samarbeidet slik dei førestilte seg det?

– Ja, men kanskje endå meir givande og lærerikt enn først tenkt.

– Me visste vel ikkje heilt kva me skulle førestilla oss, men me måtte levera noko inn i EU-prosjektet. Me hadde tydelege rammer som hjelpte oss.

– Dette måtte skje innan ei viss tid, ingen av oss hadde høg digital kompetanse i det første prosjektet og me måtte få uttrykt den faglege kompetansen til alle tre.

Frå framsyninga. Randi sit og broderer.

Randi Veiteberg Kvellestad. Bilete frå framsyninga av "Stingenes Stillstand". Foto: Hilde M. Kringeland

Mange høgdepunkt

– Det har vore mange høgdepunkt, synest Anne, Randi og Heidi. 

– Reisene har vore heilt særeigne og nødvendige for at det skulle fungera. Turane til USA og Latvia tvinga oss tettare saman. Og prosessane har vore prega av mykje latter, smiler dei.

– Hvert kunstnariske verk har også vore eit høgdepunkt. Me øver saman og med produksjonane får innsatsen fysiske utløp.

– Flyten har også vore ei oppleving, korleis ideane til nye prosjekt har lagt seg kronologisk og organisk etter kvarandre. Me vart ei eining.

Både Anne og Heidi har scenisk erfaring, men korleis har det vore for tekstilkunstnar Randi å plutseleg skulla vera scenekunstnar?

– Litt ubehageleg. Men desse to andre er erfarne, trygge og utprøvande. Det har smitta over på meg, fortel ho.

– Og det har vore viktig for meg at eg har fått fokusera/konsentrera meg om mitt felt på scena. Eg vart mindre nervøs av det, 

No set trioen punktum, eller i alle fall komma, for samarbeidet. Er det vemodig?

– Både ja og nei, meiner dei.

– Det er også organisk. Det har nok med at me alle tre arbeid på instituttet og veit at dei andre er der.

Publisert: 08.05.2024 | Hilde M. Kringeland