Suksessoppskrifta bak alumnigruppa for barnevernspedagogar

Olav ser inn i kamera og smiler.

– Då eg var student takka eg ofte ja til prosjekt og andre ting som skjedde på campus. Eg hadde tid og lyst, fortel Olav entusiastisk. 

– Etter kvart vart eg med i prosjektet Ny i praksis, eit prosjekt som seinare fekk namnet AlumniBarnevern. Målet vårt var ganske enkelt; møte gamle studievener, bli kjende med nye, lære noko nytt og ha det hyggjeleg. 

Gjengen bestemde seg for at dei skulle arrangere ein årleg konferanse for tidlegare studentar i samarbeid med to lærarar frå barnevernutdanninga. Då kunne dei invitere spanande føredragshaldarar med erfaring frå barnevernsfeltet og fagfolk dei såg opp til og som var ein del av pensumet. Alumnigruppa møttest på Egon eller heime hjå Olav. Saman planla dei tema og program.

Olav tok jobben som konferansier og musikklærar Svein Fuglestad sette tonen, som eit fast innslag på starten av kvar konferanse. God stemning i salen var sjølvsagt viktig. Ein gong trefte Olav ein i publikum som fortalde at han ville byte yrke etter å ha høyrt på føredragshaldarane. Olav hugsar det godt.

– Det var gøy! Det handlar jo om å utvide perspektivet på eiga utdanning, noko eg synest er utruleg givande. Vi inviterte faktisk lærarane òg. Kom og heng med oss, sa vi! Og dei kom.  

Kva betyr alumni?

Alumni er eit ord frå latin som betyr nettverk for tidlegere studenter ved eit universitet. Gjennom nettverket kan du halde kontakt med gamle bekjente, knytte nye kontaktar og få tilgang til fagleg påfyll.

Om alumni på OsloMet

Portrettbilde av Olav Hynnekleiv. Foto: Mattias Müller.

Olav fortel om mykje glede og takknemlegheit for det han har vore med på. Og til dei som er nervøse for mingling og smalltalk fortel han betryggande:

– Eg er helt sikker på at alle, både utadvendte og innadvendte, har det fint på alumnikonferansane. Du kan godt berre lytte, ete kringle og seie takk for deg. Eg lovar deg at du reiser hjem litt klokare.

Seks alumnigruppetips frå Olav

Er du tidlegare barnevernstudent? Bli med i Alumni-barneverngruppa på Facebook

Bli med i alumninettverket

Gjennom alumninettverket kan du halde kontakt med studiekameratar, knyte nye kontaktar og sikre deg fagleg påfyll. Les meir om alumninettverket og korleis du melder deg inn.

Relaterte saker

Ein ung mann sit i sosialt lag saman med fleire andre personar som sit med ryggen til.
Kvifor skal du bry deg om nettverket ditt?

Trur du at det berre er kvalifikasjonane dine som avgjer om du får jobben eller ikkje? Så enkelt er det ikkje. Nettverk tel!

Fire studenter sitter og jobber sammen ved et bord.
Fem ting du kan gjøre for å holde deg faglig oppdatert etter endt utdanning

Snart ferdig med graden din? Det betyr ikke at du er ferdig utlært. Her er fem ting du kan gjøre for å holde deg oppdatert på det som rører seg på ditt fagfelt når du ikke lenger er student.