Det er primært tre forskjellige måtar å delta i alumninettverket på. Du kan sjølv velje dei tilboda som passar best for deg.
1. Registrer deg som medlem og få oppdateringar på e-post
Ved å melde deg inn i nettverket, får du informasjon om kommande arrangement og andre tilbod.
Du vel sjølv korleis tilbod du er interessert i å få oppdateringar om.
Du kan melde deg inn i nettverket uansett om du har studert ved OsloMet eller ein av våre forgjengarar (HiOA, HiAk, HiO). Du som går siste år hjå oss kan også registrere deg.
Meld deg inn gratis i alumninettverket (nettskjema.no).
2. Knyt kontaktar og gjer deg kjent med andre sine karriereval på LinkedIn
LinkedIn er verdas største nettstad for karriere og nettverksbygging. OsloMet har ei eiga oversikt på LinkedIn over tidlegare studentar. Besøk denne alumniportalen og sjå kva andre alumni jobbar med i dag. Du kan også bruke portalen til å:
- kartlegge kva alumni som jobbar ulike stader i Noreg og i verda. Dette kan være nyttig dersom du skal flytte til ein ny by og har behov for å knytte profesjonelle kontaktar der.
- få ein fot innafor døra på ein arbeidsplass du kunne tenke deg å jobbe. Søk opp namnet på bedrifta, så får du opp profilane til OsloMet-alumni som jobbar der.
3. Meld deg inn i ei alumnigruppe
Ei alumnigruppe er ein plattform for å halde kontakt med medstudentar, utveksle erfaringar og dele jobbtips. Dei fleste gruppene er på Facebook eller LinkedIn. Nokre planlegg også arrangement, faglege så vel som sosiale.