!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Barnelivsfrukost med Anne Greve og Knut Olav Kristensen: Saman i leik

Anne Greve og Knut Olav Kristensen tek på dette frukostmøtet utgangspunkt i eit mangeårig forskingsprosjekt om lærarars deltaking i barns dramatiske leik i barnehage og skole.

Saman med dåverande barnehagelærar, no stipendiat, Eilen Bergvik gav Greve og Kristensen i 2023 ut boka Sammen i lek (fagbokforlaget.no).

I boka utfordrar dei forståinga av at leik berre er noko som høyrer barna og barndommen til. Forfattarane viser at dersom lærarar i barnehage og skole blir med i barns leik utan eit anna mål enn å skulla leike, kan leiken halda fram. 

Lærarar kan delta i leik på måtar som inspirerer til meir leik. Men dette er ikkje lett. Studien Greve og Kristensen tek utgangspunkt i, synleggjer også mange dilemma og utfordringar som lærarar står overfor når dei skal delta i leik med barn. 

I innlegget snakkar dei også om korleis denne kunnskapen også kan ha overføringsverdi til andre fagområde som sosialt arbeid og helse.

Anne Greve er barnehagelærar og professor i barnehagepedagogikk ved barnehagelærarutdanninga på OsloMet, og leiar av forskingsmiljøet Barneliv og profesjonsutøving.

Knut Olav Kristensen er barnehagelærar og universitetslektor i drama og teater ved barnehagelærarutdanninga på OsloMet. Han har i ei årrekkje vore oppteken av barns dramatiske leik som eit estetisk uttrykk og korleis ho kan verdsetjast og få livsrom i barnehagekvardagen.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkommen!

Kontakt

Laster inn ...

Sjå også

Arrangementet på Facebook: Barnelivsfrokost med Anne Greve og Knut Olav Kristensen (facebook.com).