Kan private aktørar bidra til inkluderande og omsorgsvennlege samfunn eller vil sosial ulikskap auke? Blir det omsorgsbustader og menneskelege tenester for dei ressurssterke og teknologiske løysingane for dei som ikkje har råd til anna? Kva er utfordringane sett frå utbyggjaranes side og kva er utfordrande for kommunane? Kva medverknad, samstyring og styringsutfordringar på lokalt og regionalt nivå ser vi for oss i framtida?
Kva er CEDIC Talks?
Velkommen til denne utgåva av CEDIC Talks, der me inviterer nasjonale og internasjonale forskarar til å halde opne gjesteforelesingar om sosiale og politiske konsekvensar av digitalisering.
CEDIC er eit forskingssenter for digitalisering av offentlege tenester og sosial medborgarskap (CEDIC). CEDIC forskar på dialektiske spenningar mellom digitalisering og politikk, juss og etikk.
Innleiarar
- Stian Myhre Myhre er leiar for forretningsutvikling og berekraft i Fredensborg Bolig. Han har tidlegare vore tilsett som finansdirektør i Akers FP Eiendom.
- Gunn Cecilie Ringdal Ringdal er partnar i Advokatfirmaet Hjort, der ho hovudsakleg hjelper til med saker innanfor plan- og bygningsrett, fast eigedom og offentleg forvaltning. Ringdal har lang lokalpolitisk erfaring, mellom anna som ordførar i Lier kommune i 8 år.
- Gro Sandkjær Hanssen Sandkjær Hanssen er forskar ved NIBR, OsloMet. Hennar forskingsinteresser er knytt til medverknad, samstyring og styringsutfordringar på lokalt og regionalt nivå, særleg knytt til byplanlegging. For tida leier ho det forskingsrådsfinanserte samarbeidsprosjektet StrategicHousing, om korleis kommunar kan arbeide for å få meir inkluderande lokale bustadmarknader.
Etter innlegga blir det ein liten paneldebatt mellom innleiarane med moglegheiter for spørsmål og innspel frå tilhøyrarane.