Elektrodagen hausten 2024

OsloMet i samarbeid med Fylkeskommunane i Akershus og Oslo ønsker velkommen til elektrodagen hausten 2024.

Arrangementet finn stad på Kjeller, med moglegheit for nettdeltaking.

Det blir kaffi frå klokka 8.00. Frå 8.30 til 14.30 blir det fagleg påfyll, innlegg, diskusjonar og refleksjon. 

Frist for påmelding er 22. oktober. 

Program

08.30-09.30: Utviklingsredegjørelsen frå fagleg råd.

Ansvarleg: Fagleg råd for elektrofag og datateknologi.

Eit oppdrag frå Utdanningsdirektoratet for å sjå framover på fagleg utdanning og korleis elektrofagfolk skal løyse morgondagens oppgåver.

Kva skjer på våre fagfelt? Berekraft, det grøne skiftet og energiøkonomisering. Kva arbeidsoppgåver skal vi bidra med i morgondagens elektrifiserte samfunn? Kven skal løyse arbeidsoppgåvene? Korleis ta vare fagarbeid med god kvalitet?

Grunnlag for å utvikle relevant opplæring for dagens ungdom mot morgondagens samfunn. 

09.45-11.00: Risikovurdering i praksis

Ansvarleg: Thomas Nordtorp

Døme på risikovurdering og planlegging av elektroarbeid. Vi tek utgangspunkt i praktiske døme og viser kva risikovurdering vil seie på eit kontor- og leilegheitsbygg.

Kven gjer kva, kva må vi tenkje på?

11.00-11.45: Lunsj

11.45-12.45: Kva er straumskadar i dag og korleis kan vi jobbe førebyggande?

Ansvarleg: Lars Ole Goffeng, Statens arbeidsmiljøinstitutt - STAMI.

Ei innleiing med konkret kunnskap om ulykker og materiell for haldningsskapande arbeid i FSE. Frå straumapp til rettleiar.

Inspirasjon til kunnskapsbasert arbeid på skolane.

12.45-13.45: Vi presenterer elektrofag. Kva yrkesoppgåver blir utførte og kva slags kompetanse trengst?

Ansvarleg: Opplæringskontor.

Elektrofag skal samla utføre alt elektroarbeid med høg kvalitet. Vi treng å kjenne kvarandre for godt samarbeid, arbeidsdeling i tråd med regelverk og god karriererettleiing.

Denne gongen presenterer vi heismontør, energimontør og elektrikar.

13.45-14.00: Avslutning

Kontakt

Laster inn ...