Etikk for lærarar

Steinar Bøyum presenterer den komande boka «Etikk for lærarar». Boka er ei innføringsbok i profesjonsetikk for lærarar, retta primært mot lærarstudentar.

Steinar Bøyum (Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, UiB og SPS) presenterer den komande boka «Etikk for lærarar». Boka er ei innføringsbok i profesjonsetikk for lærarar, retta primært mot lærarstudentar. Dei ulike kapitla drøfter situasjonar ein lærar kan kome ut for i skulen, og kva typiske etiske dilemma ein kan møte. Tema som blir behandla er mellom anna privatliv og profesjonalitet, lojalitet og ytringsfridom, og rettferd i vurdering og fordeling av tid. Må ein alltid fortelje sanninga til barn? Bør ein bruke mest tid på svake eller sterke elevar? Må ein lærar vere glad i elevane sine? Skal ein lærar følgje samvitet sitt? Korleis bør lærarar handsama kontroversielle spørsmål i klasserommet? Boka legg vekt å veksle mellom konkrete case og gjennomgang av teoretisk stoff, med vekt på det første, og kan slik seiast å vere ein type anvendt profesjonsetikk.

 

Arrangementet er åpent for alle og krever ingen påmelding. Velkommen!

Senter for profesjonsstudier

Senteret bedriver forskning om profesjoner og profesjonell yrkesutøvelse, om politikk og etikk knyttet til ulike profesjoner. I år fyller vi 20 år!

Les mer om Senter for profesjonsstudier

Kontakt

Laster inn ...