Forskarutdanning i lærarutdanningane – rekruttering frå eigne rekker

Vi har gleda av å invitere til eit lunsjseminar med fagleg relevans for dei som er opptekne av utvikling av forskingskompetansen til studentane, rekruttering til ph.d., og generell kvalitetsutvikling i lærarutdanningane.

Dette inkluderer å sjå på moglegheiter for å rekruttere kandidatar til p.hd.-utdanning frå eigne rekker, spesielt etter fullført femårig lærarutdanning.

Program

Seminaret vil bli avslutta med tid til spørsmål og diskusjon. 

Det blir servert enkel lunsj.

Målgruppe

Seminaret er spesielt retta mot fagleg tilsette som rettleier masterstudentar innan lærarutdanning, og/eller som rettleier eller ønsker å rettleie p.hd.-kandidatar.

Seminaret er finansiert av UHR-Lærerutdanning (fagstrategisk eining for lærarutdanning i Universitets- og høgskolerådet), og er meint som ein møteplass og samarbeidsarena på tvers av institusjonar.

Arrangementet blir strøyma.

Kontakt

Laster inn ...