Heroin chic - bokbad med Maria Kjos Fonn

Kinderwhore-forfattar Maria Kjos Fonn kjem til oss for å samtale om sin ferskaste roman, 'Heroin chic'.

Romanen har fått strålande kritikkar, DN Magasinet skriv at “’Heroin chic’ er bokhøstens sterkeste leseropplevelse” og Morgenbladet omtalar boka som ei “iskald og potent skildring av rus og avhengighet”.

I romanen søker songtalentet Elise frå Uranienborg seg vekk frå den sosiale tryggleiken og den strålande karrierevegen alle ventar at ho vil følge. Kva ho leiter etter, veit ho ikkje. Ho vil berre vere nummen, kjenne ingenting. Undervegs freistar ho alt frå overdriving til måtehald, men først i rusen finn ho det vektlause, lysande rommet ho har lengta etter.

Vi møter Maria Kjos Fonn i samtale med bokbadar Vibeke Horn, programansvarleg for kultur og mangfald ved OsloMet. 

Bokbadet blir utført i samarbeid med Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.

Bokbadet blir streama på https://www.facebook.com/oslomet kl.12, 27. oktober. Opptaket blir også tilgjengeleg i FilMet etter streaminga.