Konferanse for programmeringsnettverket for realfag i skulen

Konferansen støttar opp under nettverksbygginga i programmeringsmiljøet, og me i konferansekomiteen har lagt stor vekt på erfaringsutveksling og praktiske tilnærmingar i planlegginga av konferansen. Konferansen er støtta av TEKNA.

Me håpar verkeleg at du har høve til å delta og dela erfaringane og tankane dine om programmering i realfaga.

På programmet har me plenumsforedrag med George Gadanidis, paneldebatt med representantar frå Utdanningsdirektoratet, skulen og lærarutdanninga. Me vil også leggja til rette for workshop med lærarverk, erfaringsutvekslingar og parallelle sesjonar. 

Me ønskjer også at konferansen skal vera tid og stad for å dela undervisningsopplegg eller forskingsprosjekt. 

Me oppmodar deg til å bidra til parallellsesjonane ved å senda ein e-post til Martine Rekstad (hvl.no) med tittel og beskriving innan 15. januar 2024.

Me ser gleder til å ønskja deg velkommen på PRIS-konferansen 2024. Gjerne følg med på nettsida for oppdatert og meir utfyllande informasjon.

Du melder deg på her (PRIS-konferanse.oslomet.no).

Program

  • Dag en 20. mars

    • Velkommen med Vibeke Bjarnø, instituttleiar Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning, OsloMet
    • Presentasjon av forskingsprosjekt 
    • Erfaringsutvekslingar 
    • Workshop med læreverk i skulen 
    • Plenumsforedrag med George Gadanidis
    • Sosialt - møt påskrudd og tørst
  • Dag to 21. mars

    • Paneldebatt om kunstig intelligens
    • Erfaringsutvekslingar 
    • Parallellsesjonar
    • Presentasjon av Ph.d.- prosjekter 
    • PRIS-prat
    • Vel heim

Deltagere

  • Presentasjon av deltagere

    Henning Vinjusveen Myhrehagen

    Henning Vinjusveen Myhrehagen er utdanna lektor i fysikk og matematikk ved NTNU og er no stipendiat ved Center for Computing in Science Education (Universitetet i Oslo). 

    Hennings doktorgradprosjekt går ut på å undersøkja korleis naturfag- og fysikklærarar på vidaregåande skule bruker programmering i undervisninga og korleis lærarar kan førebuast og blir støtta i arbeidet med å integrera programmering i faga. Henning underviser i Programmering av omsyn til faga (Profag), som er eit etterutdanningstilbod for lærarar. 

    Niklas Karlsen

    Niklas Karlsen er doktorgradsstudent ved naturfaglærarutdanninga på OsloMet som forskar på korleis lærarstudentar kan førebuast til å ta i bruk programmering i naturfagundervisning. Han har bakgrunn frå fleire år som lærer i den vidaregåande skulen der han mellom anna underviste i fysikk. 

    I doktorgradsarbeidet sitt bruker han det teoretiske rammeverket som heiter TPACK til å undersøkja kva kunnskapar som støttar lærarstudentane i å ta i bruk programmering på formålstenlege måtar i naturfagundervisninga. 

    Som del av doktorgradsarbeidet har han utvikla eit undervisningsopplegg for lærarstudentar basert på bruke-endre-skapa tilnærminga (use-modify-create på engelsk), der lærarstudentane tek i bruk det blokkbaserte programmeringsmiljøet Scratch for å skapa simuleringar av naturfaglege fenomen. 

    I innlegget vil han gjera greie for kva dei førebelse resultata antydar om å førebu naturfaglærarstudentar å på ta i bruk programmering.
     

    Aino Ukkonen

    Ukkonen er doktorgradskandidat i utdanningsvitskap for lærarutdanning ved OsloMet. Forskinga hans er fokusert på Algoritmisk Tenkning og formativ vurdering. Spesielt er han interessert i integrasjonen av Algoritmisk Tenkning i matematikk, og utforskar utfordringane og moglegheitene knytt til denne integrasjonen.

    Innanfor ramma av doktorgradsavhandlinga si undersøkjer Ukkonen korleis lærarar tek i bruk Algoritmisk Tenkning og korleis dei vurderer det. Vurdering av Algoritmisk Tenkning byr på utfordringar både i praktisk undervisning og i forsking. I denne presentasjonen vil han dela innsikt frå forskinga si, framheva kvifor lærarar finn vurdering utfordrande og foreslå potensielle strategiar for å takla desse vanskane.

    George Gadanidis, PhD

    George er professor i matematikkutdanning ved Western University, i Ontario, Canada. Hans nyaste prosjekt ser på rolla til dataprogrammering i matematikkundervisning og- læring, og rolla til matematikk i AI og AI-utdanning. Han liker å co-undervise og co-lære i forskingsklasserom. 

    Les meir om arbeidet her (imaginethis.ca).

     

Fagleg kontaktperson

Laster inn ...

Administrativ kontaktperson

Laster inn ...