!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Knusa bilvindauge.

Lanseringsseminar: Nasjonal tryggleiksundersøking

Kor mange vart utsette for lovbrot i Noreg i fjor? Og er det nokon grupper i Noreg som er meir utsette enn andre? Velkommen til lansering av resultata frå årets nasjonale tryggleiksundersøking.

Nasjonal tryggleiksundersøking kartlegg uro og sårbarheit for lovbrot i Noreg.

Målet med undersøkinga er å gi oss utfyllande kunnskap på området som eksisterande statistikk ikkje dekkjer. Oversikta over melde lovbrot seier ikkje noko om uro i befolkninga, og det er også grunn til å tru at mange lovbrot ikkje blir melde.

No er rapporten klar. Over 25 000 personar har blitt spurde om uro og sårbarheit for lovbrot, og resultata frå undersøkinga gir ein peikepinn på det reelle omfanget av fleire typar lovbrot.

Rapporten viser:

Program

08:30 - 09:00
Lett servering

9:00-10:00

Om rapporten og prosjektet

Rapporten er utarbeidd av Mette Løvgren, forskar II ved NOVA, Oslomet, Øivind Skjervheim og Asle Hagestøl, seniorutreiarar ved Ideas2evidence, Andreas Kotsadam, seniorforskar ved Frischsenteret, forskar II Vegar Bjørnshagen og forskar I  Christer Hyggen ved NOVA, OsloMet og Stian Lid, forskar II ved NIBR, OsloMet.

Nasjonal tryggleiksundersøking blir gjennomført årleg i perioden 2023–2027. Undersøkinga er eit samarbeidsprosjekt mellom NOVA (prosjektleiar) ved OsloMet, Ideas2evidence og Frischsenteret og er finansiert av Justis- og beredskapsdepartementet.

Kontakt

    Laster inn ...

    Bilete: colourbox.com