Ottar Brox-seminar 2024: Går det an å snu utviklinga?

Utgangspunkt for seminaret er miljø- og klimakrisa. Seminaret er ope for alle interesserte.

Seminaret vert arrangert av Fagsenteret for seniorar, OsloMet, avisa Klassekampen og tankesmia Populo. Møteleiarar er Mari Skurdal og Audgunn Oltedal.

Program

12.30: Opning av seminaret: Per Arne Olsen, leiar Fagsenter for seniorar OsloMet. Kvifor Ottar Brox-seminar? Arvid Hallen om Brox på NIBR, Audgunn Oltedal om Brox og Populistiske Arbeidsgrupper (PAG), Mari Skurdal om Brox og Klassekampen

Bolk 1: Kva var Ottar Brox sitt prosjekt? Innspel frå kollegaer i Tromsø-miljøet

Bolk 2: Vekstparadigmet

Etter seminaret inviterer avisa Klassekampen til ein "panelsamtale med laus snipp" på utestaden Dattera til Hagen, Grønland 10, med tema: Er rødgrønn samling mulig?