SAMSVAR: Korleis kan KI gjera journalistikken betre?

Det blir snakka mykje om kor farleg KI er. Dette seminaret ser heller på fordelane og korleis KI kan løfta journalistikken.

Me diskuterer ofte «kor gale det kan gå» når KI kjem til ulike bransjer. Eller me slår berre fast at «KI har komme for å bli! Forhald deg til det». Men korleis ser framtida med KI ut når me tenkjer at glaset er halvfullt?

I dette seminaret ser me på fordelane, og korleis KI kan løfta journalistikken.

Korleis kan KI hjelpa journalistar til å tenkja kreativt eller gjera det enklare for gravejournalistar å dykka ned i store datamengder?

Me avsluttar med ein diskusjon rundt korleis framtida blir med KI som sentralt hjelpemiddel i journalistikken; på godt og vondt.

Førebels program

Utfyllande program kjem snart.
 

Kontakt

Laster inn ...