!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Illustrasjon av eit eldre par som sit på trappa til huset dei snart skal flytte frå (bilde: colourbox.com)

Korleis skal eldre over 75 bu i framtida?

Vi er glade for å invitere deg til eit webinar der vi skal snakke om ei gruppe heimebuande som vi ikkje veit so mykje om, nemleg korleis folk over 75 år bur, og kva dei tenkjer om framtida.

Det er ei overordna politisk målsetjing at eldre skal kunne bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgsstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Dette føresetter at eldre tek ansvar for å planleggje og tilretteleggje eigen busituasjon for alderdom og nedset funksjonsevne. 

Frå tidlegare studiar har vi ein del kunnskap om korleis eldre i alderen opp til 75 år bur og tilpassar eigen bustad, men vi veit mindre om situasjonen blant dei som er eldre. 

Kva kjenneteiknar så bustadsituasjonen og bustadsønskjer blant heimebuande som er 75 år og eldre? Dette har forskarar ved NOVA undersøkt. Resultata frå undersøkinga, som er finansiert av Husbanken, blir presenterte på webinaret den 28. september.

Gjennom forskinga vår søkjer vi å få fram ei djupare forståing og kunnskap om denne delen av befolkninga som vi så langt har lite kunnskap om. Prosjektet er ein del av ein større innsats leia av Seksjon for aldersforsking og bustadstudiar ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA, med mål om å forbetre livskvaliteten for eldre gjennom betre bustadtilrettelegging og planlegging. Vi ser også på korleis eldre sjølv kan påverke sin busituasjonen gjennom kloke og framtidsretta val.  

Program:

12:00 – 12:10
Velkomen og om studien, forskingsleiar Hans Christian Sandlie

12:10 – 12:20
Flyttemønster, forskar Lars Gulbrandsen

12:20 – 12:30    
Slik dei eldre ser det, forskar Maja Flåto

12:30 – 12:40
Fagleg kommentar frå seniorrådgjevar Hermund Urstad, Husbanken

12:40 – Ordet fritt

Konferansedetaljar

Målgruppe

•    Tilsetje i kommunal og statleg sektor 
•    Politikarar og avgjerdstakarar
•    Forskarar innan alders- og bustadstudiar
•    Andre interesserte 

Påmelding

Webinaret vil bli strøymt frå klokka 12.00 den 28. september. Meld deg på og vi sendar deg ei lenkje der du kan fylgje sendinga.

Arrangert av: Seksjon for aldersforsking og bustadstudiar, Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet

Kontakt

    Laster inn ...