Temadag: Algoritmisk styring på norske arbeidsplassar og medråderett

Programvare blir seld inn på norske arbeidsplassar med argument om at det mellom anna kan bidra til å minimera risiko og auka produktivitet. Men stemmer dette?

Norsk arbeidsliv har vorte digitalisert og algoritmisk styring endrar norske arbeidsplassar, på godt og vondt. 

Programvare blir seld inn på norske arbeidsplassar med argument om at det mellom anna kan bidra til å minimera risiko, auka produktivitet, forbetra avgjerdsgrunnlag og kontroll, og styrkja konkurranseevna. 

Men stemmer dette?

HK Norge i samarbeid med Arbeidsforskningsinstituttet AFI inviterer til ein temadag, der me skal spørja oss om me kan utøva medråderett når det gjeld innføring og utforming av digitale og algoritmiske styringssystem, og dei faktiske konsekvensane deira og bruk. 

Program, ope for alle

AFI-forskarane Tereza Østbø Kuldova og Gudrun Rudningen innleier først om eksisterande så vel som framtidige digitale styringssystem. Mellom anna vil du kunna få nærare informasjon om:

Etter innlegga vil det opnast opp for kommentarar, erfaringsutveksling og spørsmål.

Utfordringar til diskusjon

Få spør seg korleis digitale og algoritmiske styringssystem endrar organisasjon av arbeidet, og sjølve innhaldet i folks arbeidskvardag. Utfordringane er mange: 

Kontakt

Laster inn ...