Tre mennesker har møte hvor de snakker på tegnspråk

Tolkens dag 2024 - På jobb i andre sin kontekst

Tolkar tilbringar det meste av arbeidstida si i andre menneskes samtalar, forankra i verdsforståingane deira, historier og kontekstar

Av og til har vi gode moglegheiter for å førebu oss på dette, andre gonger ikkje.

I år ønskjer vi oss innlegg, anten teoretiske eller meir erfaringsbaserte, som tek for seg utfordringar, løysingsforslag og/eller betraktningar omkring innsteget til tolken i andre menneskes kontekst.

Studentar, praktiserande tolkar og andre med praktisk eller teoretisk erfaring med tolking blir invitert til å sende inn abstract til arrangementskomitéen, send e-post til Kristian Skedsmo innan 20. august.

Presentasjonar blir i utgangspunktet dagsette med 30 minutt, til dømes 20 minutt presentasjon og 10 minutt til spørsmål, innspel og diskusjon. 

Si frå dersom du ønskjer meir eller mindre tid til presentasjonen din.

Ta også kontakt dersom du/organisasjonen din vil ha stand og informera om verksemda dykkar.

Kontakt

Laster inn ...