Ungforsk på OsloMet

Korleis kan teknologi bidra til eit betre miljø? Det kan du lære om på årets Ungforsk 24. og 25. september.

Kvar haust arrangerast Ungforsk som ein del av dei nasjonale Forskningdagane.

Målet til Ungforsk er å inspirere ungdom til å velje realfag og naturvitskapleg utdanning gjennom å skape nysgjerrigheit og opplevingar tett på forskinga.

Har du nokon gong lurt på kvifor himmelen er blå, sjølv om verdsrommet er svart?

Eller korleis ein bil kan køyre feilfritt omkring utan eit menneske bak rattet? I årets Ungforsk på OsloMet kan deltakarane få eit innblikk i desse spørsmåla, og mange fleire, under Vitenshowet. F

Fingeravtrykk, klimaaktivisme og nøkkelringar

Kjedeleg blir det ikkje. Elevane skal nemleg ikkje berre høyre på – dei skal også delta.

Fleire workshopar blir arrangert under årets Ungforsk, der elevane sjølv kan lære å designe og laserkutte nøkkelringar eller lære korleis ein framkallar fingeravtrykk ved hjelp av kjemi.

Elevane kan også lære meir om blant anna hacking, klimaaktivisme, smarte bærekraftige byar, og fleire andre spanande tema. I tillegg spanderer vi lunsj.

Aktiviteter: