Cookies på oslomet.no

Ved å bruke oslomet.no samtykkjer du at vi set cookies (informasjonskapslar) i din nettlesar.

Denne erklæringa gjeld berre hoveddomenet www.oslomet.no.

Kva er cookies/informasjonskapslar?

Cookies – også kalla informasjonskapslar – er små tekstfiler som blir lagra lokalt på datamaskina di, og er ein standard teknologi som nærast alle nettstader bruker.

Dei fleste nettlesarar (som til dømes Google Chrome, Safari og Internet Explorer) er stilt inn for automatisk å akseptere cookies, men du kan velje å endre desse innstillingane om du ønskjer. Gjer du dette kan det føre til at ikkje alle nettsider vil fungere optimalt.

Den reviderte ekomloven (paragraf 2-7b) krev at vi gir informasjon om korleis vi bruker informasjonskapslar på nettstaden. Så lenge vi har informert om kva cookies vi bruker, kva opplysningar som som blir handsama, føremålet med handsaminga og kven som handsamar informasjonen, er innstillinga i nettlesaren din nok for eit samtykke til at vi bruker cookies. Sjå nedst på denne sida om du ønskjer å trekkje tilbake samtykket ditt, eller endre innstillingane i nettlesaren din.

Personvernerklæring for OsloMet – storbyuniversitetet (ansatt.oslomet.no).

Kvifor bruker OsloMet cookies?

OsloMet bruker cookies til å generere statistikk for bruken av nettstaden, for å gjennomføre spørjingar om kva brukarane meiner om oslomet.no og for å kunne tilby tilpassa annonsar (retargeting) på Google, Facebook og Twitter.

Statistikken er eit reiskap for å forbetre nettstaden vår, i tillegg til å vurdere effekten av marknadsføring på andre digitale plattformer. For kvar side som blir vist, blir følgjande opplysingar lagra på serverane våre:

IP-adressa di blir anonymisert, og kan ikkje bli knytt til din person. Adressa blir kun brukt til feilsøking ved systemfeil, og all trafikkdata blir sletta etter seks dagar.

Kva for cookies bruker oslomet.no?

  • eZ Platform & Studio

    Publiseringssystemet hjå oslomet.no (eZ Platform) har ein informasjonskapsel som blir brukt i samband med marknadsføring: 

    • _mauuid:  Informasjonskapselen gjer det mogleg for oss å setje opp heilautomatiserte, intelligente e-postkampanjar som tilpassar seg avhengig av bruksmønsteret til den enkelte mottakar. Den gir oss også høve til å setje i gang automatiske kampanjar til potensielle studentar som identifiserer seg mellom anna ved å abonnere på nyhetsbrev eller fylle ut kontaktskjema.
  • Facebook-piksel

    Vi brukar Facebook sine «piksel» – som måler trafikk mellom facebook og våre nettsider. Vi bruker dataen som blir samla inn av pikselen til å levere spesialtilpassa innhald til dem som besøker våre nettsider, og til markedsføring på Facebook. Facebook Pixel blir lagt inn gjennom Google Tag Manager. 

    Her kan du lese om korleis Facebook bestemmer kva for annonser du får (facebook.com).

    Du kan sjølv justere annonseinnstillingane dine hvis du ønskjer å kontrollere og administrere kva slags annonser du ser på Facebook. 

    Her kan du lese Facebook sine retningslinjer for personvern, samt muligheten for å hindre Facebook frå å registrere ditt adferdsmønster (facebook.com).

  • Facebook-side

    OsloMet brukar Facebook-sider for å kommunisere med eksterne målgrupper og for å kunne ha tilgang på annonseplattformen til Facebook. Facebook samlar inn personopplysningar frå alle som besøker OsloMet sine Facebook-sider, både dei som er innlogga med Facebook-profil og dei som besøker sidene utan å vere innlogga. Dette gjer Facebook ved å installere cookies i nettlesaren din.

    Facebook gir OsloMet tilgang til besøksstatistikk frå våre Facebook-sider slik at vi kan analysere korleis innhaldet vårt (innlegg, videoar, artiklar osv.) blir sett og brukt. Vi kan vidare sette opp annonsar basert på brukerprofilar som har besøkt våre sider.

    OsloMet videreformidlar eller sel ikkje persondata vi får tilgang til gjennom Facebook.

    Les meir om Facebook-cookies og kva for personopplysningar som blir lagra (facebook.com).

  • Google

    Saman med vårt mediebyrå OMG brukar vi eit Google-script for å skape og levere markedsføringskampanjar i Google sitt annonsenettverk. Vi hentar inn data om kva for sider du besøker på oslomet.no, informasjonskapselen i nettlesaren din, og innstillingene du har valgt i Annonseinnstillinger.

    Google registrerar også nettsider og apper du har besøkt som tilhøyrer bedrifter som annonserar med Google, tidligare interaksjon med annonser eller annonseringstjenester frå Google og Google-profilen din. 

    OsloMet koblar ikkje namnet ditt eller personleg identifiserbar informasjon til informasjonskapselen din utan samtykke frå deg. Vi knyttar heller ikkje informasjonskapselen din til sensitive emner som etnisitet, religion, seksuell legning eller helse utan samtykke frå deg.

  • Google Tag Manager

    OsloMet nyttar Google Tag Manager til å organsiere og styre script på oslomet.no.

  • Siteimprove

    Siteimprove er eit verktøy vi bruker for å forbetre kvaliteten på innhald på nettsidene våre (til dømes brotne lenkar, språk og universell utforming). Den har også ein analysemodul som brukar følgjande informasjonskapslar:

    • nmstat: Denne informasjonskapselen inneheld ein tilfeldig generert ID som blir brukt til å kjenne att nettlesaren din når du les ei side. Den samlar statistikk om bruk av oslomet.no, som til dømes når brukaren sist besøkte nettstaden. Informasjonskapselen inneheld inga personleg informasjon og blir berre nytta til nettanalyse.
  • Sitetester

    Dette er cookies som blir brukt i samband med ei spørjing vi gjennomfører på oslomet.no. Undersøkinga spør brukaren om kva han eller ho meiner om nettsidene våre, og kjem i form av ein popup-boks. Firmaet Espace Communication står bak dei tekniske aspekta, og grunnen til at vi bruker cookies i denne samanhengen er for å unngå at brukarar får opp spørjinga meir enn éin gong i kvartalet.

    Spørjeundersøkinga identifiserer brukarane som unike, men samstundes som anonyme individ. Dette gjer at leverandøren kan halde styr på kor mange som besøker sidene.

    Oslomet.no brukar følgjande informasjonskapslar frå Sitetestar:

    • Sitester_Nth1750: Denne blir brukt til å vise undersøkinga for, til dømes, kvar tredje besøkande. Den er i dag stilt inn på kvar besøkande. Informasjonskapselen blir lagra under økta inntil nettlesaren blir lukka .
    • Sitester_Referrer1750:  Blir brukt til å registrere sida du var på (på oslomet.no) før du kjem til sida som viser undersøkinga. Informasjonskapselen blir lagra under økta til nettlesaren blir lukka.
    • Sitester_ActiveUserId1750: Denne nyttast til å avgjere om du er aktiv på nettstaden, slik at undersøkinga berre kjem opp hos brukarar som er aktive.
    • Sitester_DelayId1750: Blir brukt til å sikre at undersøkinga kjem opp først når det har gått to minutt. Den blir sletta etter dette.
    • Sitester_ExposedDateTimeId: Denne blir lagra når ein har fått opp undersøkinga slik at den ikke dukkar opp att før etter tre månader.
  • Snapchat

    OsloMet brukar Snapchat for å kommunisere med eksterne målgrupper og for å kunne ha tilgang på annonseplattformen til Snapchat. Ved å besøke OsloMet sine nettsider installerer Snapchat ein cookie i nettlesaren slik at OsloMet kan sette opp målrettet annonsering.

    OsloMet videreformidlar eller sel ikkje persondata vi får tilgang til gjennom Snapchat.

    Les meir om Snapchat-cookies og kva for personopplysningar som blir lagra (snap.com).

  • Tredjepartsspørjingar

    Tredjepartspørjingar (third party requests) er spørjing som er laga av ein brukar til ein ekstern tenesteleverandør, som til dømes annonsar også widgets frå sosiale medier. 

    Sjølv om desse spørjingane ikkje set nokre cookies i nettlesaren din, kan dei framleis overføre informasjon til tredjeparten. 

Slik får du tilgang til data lagret om deg

Korleis fjernar eg cookies i min nettleser?

For å slette og eventuelt fjerne mulighet til å få lagret cookies gir annonseringsplatformene vi brukar følgende informasjon:

Korleis slette alle data om meg?

Vil du slette alle data om deg, kontakt personvernombudet ved OsloMet.

Ønsker du å få sletta bilder eller video av deg sjølv fra våre nettsider eller på sosiale medier? Ta kontakt med den sentrale nettredaksjonen.

Har du fleire spørsmål om cookies?

Publisert: 05.02.19 | Nettredaksjonen