!
Stillingen har utgått!

Denne stillingen har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter søknadsfristen.

Førsteamanuensis/førstelektor i nordisk/norskdidaktikk

OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU) ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium er det ledig ei 100 % førebels stilling som
førsteamanuensis/førstelektor i nordisk/norskdidaktikk for snarleg tiltreding og fram til
31.07.21.

Les meir om fakultetet og instituttet her.
Les meir om forskargruppene våre her.

Arbeidsoppgaver og ansvar:
• undervise og rettleie på bachelor-, master-, og etter- og vidareutdanningar
• følgje opp studentar i praksis
• bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
• aktivt bidra til utvikling av høg utdanningskvalitet
• formidle forskingsresultat både til fagmiljø og samfunnet elles
• ha kontakt med skolar og skoleeigarar
• aktivt bidra til utvikling av instituttet og OsloMet som heilskap
• utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:
For tilsetting i stilling som førsteamanuensis er det krav om doktorgrad i
nordisk/norskdidaktikk eller tilsvarande.

For tilsetting i stilling som førstelektor er det krav om embetseksamen, hovudfag eller
mastergrad i nordisk/norskdidaktikk og dokumentert omfattande forskings- og
utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei
doktorgradsavhandling.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det vere aktuelt å
tilsette midlertidig i stilling som universitetslektor. Ph.d.-kandidatar som enno ikkje har
levert inn doktorgradsavhandlinga, kan vere slike kandidatar.

For tilsetting i stilling som universitetslektor er det krav om mastergrad, hovudfag eller
embetseksamen i nordisk/norskdidaktikk.

Søkjarar må dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse. Søkjarar som
ved tilsetting ikkje kan dokumentere pedagogisk basiskompetanse, må skaffe seg
denne kompetansen i løpet av ein periode på to år. OsloMet tilbyr eit emne i
universitetspedagogikk (UHPED) i samarbeid med Universitetet i Oslo som dekkjer
dette kravet.

Det er krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. Den
som blir tilsett, må kunne skrive både nynorsk og bokmål. Søkjarar som ikkje har
norsk som morsmål, må dokumentere både munnleg og skriftleg dugleik.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar blir det lagt vekt på:
• forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga
• erfaring med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
• undervisnings- og rettleiingsrøynsle på bachelor- og masternivå
• pedagogiske evner
• kjennskap til og/eller røynsle frå skolefaget norsk
• god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer
og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
• god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
• personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet

Generelle kriterium for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av
Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med
intervju.

Det er viktig for OsloMet å gjenspegle folket i regionen, og vi ønsker alle kvalifiserte
søkjarar velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande
arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom du har behov for det. Har
det vore periodar i livet da du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du
også velkommen til å søke hos oss.

Vi tilbyr:
• interessante oppgåver ved Norges tredje største universitet
• deltaking i forskargruppe
• tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
• høve til fagleg utvikling i eit spennande fag- og forskingsmiljø
• kontakt med ei mangfaldig studentgruppe
• låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
• gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og
sport

Andre opplysingar:
Stillinga blir lønna etter Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i kode 1011/1198 og tittel førsteamanuensis/førstelektor, lønnstrinn 60-74, dvs. kroner 532 300 – 691 400 pr. år. For kode 1009, universitetslektor, lønnstrinn 51-66, dvs. kroner 456 400 – 594 400. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Vil du søke på stillinga, må du søke elektronisk ved å nytte knappen nedst på sida ”logg inn og søk stillinga”.

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere.