English version
!
Stillingen har utgått!

Denne stillingen har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter søknadsfristen.

a756338346dce96936e4037cc95fb24c.jpg

Førsteamanuensis i kunnskap, ekspertise og profesjonar

OsloMet –  storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Ved Senter for profesjonsstudier (SPS) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis. Stillinga skal spele ei nøkkelrolle i å vidareutvikle forskinga vår på feltet kunnskap, ekspertise og profesjonar.

SPS er eit leiande forskingsmiljø for studium av profesjonar og rolla deira i samfunnet. Senteret er teoretisk og metodologisk mangfaldig og driv eit tverrfagleg doktorgradsprogram. Forskingsområda våre er definerte av desse tre forskingsgruppene: «Ekspertise, politikk og etikk», «Profesjonskunnskap og kvalifisering» og «Karriere, ulikhet og rekruttering». Personen som blir tilsett, vil arbeide i eit tverrfagleg miljø av forskarar og doktorgradsstudentar med fagleg bakgrunn frå sosiologi, pedagogikk, historie, filosofi, statsvitskap, sosialantropologi, helsefag, økonomi og psykologi. Vi har òg utvikla fleire kvantitative databasar, mellom anna med registerdata frå Statistisk sentralbyrå. For tida har senteret om lag 50 tilsette.

Fagområdet til stillinga dekkjer mellom anna:

Vi ser etter ein ambisiøs kandidat som kan styrkje forskinga og undervisninga vår og bidra til å utvikle nasjonale og internasjonale prosjekt av høg kvalitet. Personen som blir tilsett, er venta å vere ein godt kvalifisert forskar som har relevant forskingsrøynsle og kan undervise og rettleie studentar på doktorgradsnivå.

Les meir om Senter for profesjonsstudier.

Les meir om forskingsgruppene våre.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere å

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må dokumentere relevant utdanningsfagleg kompetanse etter OsloMet sine retningslinjer for utdanningsfagleg kompetanse. Søkjarar som ved tilsetting ikkje kan dokumentera slik kompetanse, må skaffa seg denne kompetansen i løpet av ei toårs periode. OsloMet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk (UHPED) som dekkjar dette kravet.

Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på engelsk er eit krav. Søkjarar som ikkje meistrar eit skandinavisk språk tilstrekkeleg godt på tilsetjingstidspunktet, må tileigne seg norskkunnskapar minst på nivå B2 innan tre år etter at dei byrjar i stillinga. OsloMet tilbyr kurs.

Dei generelle kriteria for tilsetjing i undervisnings- og forskarstillingar er skildra i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Søkjarar som er kvalifiserte for ei professorstilling, kan bli forfremja gjennom ein formell prosess etter at dei har byrja i stillinga.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar som stillinga krev

OsloMet prøver pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle menneska i regionen vår, og alle kvalifiserte søkjarar er velkomne. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje til rette arbeidsplassen dersom du treng det. Du er òg velkomen til å søkje arbeid hos oss dersom du har hatt periodar der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring.

Vi tilbyr

Stillinga blir løna etter Hovudtariffavtalen i staten og lønspolitikken til OsloMet i stillingskode 1011 Førsteamanuensis (ei årsløn på 534 400–702 100 kroner).

Søknadsprosessen

Søknader som tilfredsstiller krava i utlysinga, vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Last opp desse dokumenta saman med søknaden din innan søknadsfristen:

Ved eit eventuelt intervju må du gje opp minst to referansar.

Vi handsamar berre søknader som blir sende inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, og søknaden din blir berre handsama dersom alle dokument er lasta opp. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar må vere autoriserte, og ved eit eventuelt intervju må du vise fram originalane. OsloMet kontrollerer dokumenta for å forsikre seg om at kandidatane får ei skikkeleg evaluering og at konkurransen er rettferdig. Ufullstendige søknader blir ikkje vurderte.

Alle søknadene blir gjennomgåtte før søknadspapira blir sende til den sakkunnige komiteen. Søknader frå søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kvalifikasjonskrava, blir ikkje sende til vurdering.

OsloMet har signert DORA-erklæringa (The Declaration on Research Assessment) og forplikta seg til å følgje prinsippa frå erklæringa i tilsetjingsprosessane sine.

Vidare informasjon

Om du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du kontakte:

Om du vil søkje på stillinga, må du gjere det elektronisk ved å klikke på søknadsknappen.

Søknadsfrist: 16. mai 2022

Ref.: 22/02103

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment). Besøk OsloMet på LinkedIn