Forskingsleiar innan Forbrukarpolitikk og økonomi for Europas største forbruksforskningsinstitutt

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med nesten 22 000 studenter og over 2500 ansatte. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Senter for velferds- og arbeidslivsforskning (SVA) ved OsloMet - storbyuniversitetet består av Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Velferdsforskningsinstituttet NOVA, By- og regionforskningsinstituttet NIBR og Forbruksforskningsinstituttet SIFO.

Om stillinga

Har du lyst til å leie ei eining med dyktige og engasjerte forbruksforskarar? Vi er på jakt etter ein fagperson som ønskjer å vidareutvikle og leie våre dedikerte og ambisiøse forskarar innan teknologi og berekraftig forbruk, og som vil bidra til ei positiv samfunnsutvikling gjennom sine medarbeidarar.

Forskningsgruppa for Forbrukarpolitikk og økonomi består av 14 medarbeidarar med spisskompetanse innan personleg økonomi, sårbare forbrukarar og forbrukarpolitikk. Gruppa har også ansvar for SIFOs referansebudsjett, som er eit av våre stolte flaggskip. Eininga er ei av tre forskingsgrupper, som saman med administrasjonen, utgjer SIFO.

Det meste av SIFOs forsking skjer på tvers av dei ulike forskingsgruppene i SIFO, men også innan Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA) og med eksterne forskarar i innland og utland. SIFO består av forbruksforskarar med bakgrunn frå ulike samfunnsvitskaplege disiplinar og humaniora. Fleire har også tverrfagleg bakgrunn, til dømes frå ingeniørfag. Mesteparten av forskinga vår er finansiert gjennom konkurranse om oppdrag og bidragsprosjekt, blant anna frå Forskningsrådet, departement og EU.

Vi er opptatt av å publisere og formidle forskinga vår for å gjere den tilgjengeleg for fagfeller, undervisning og politikkutforming. Vi plikter å utøve samfunnsmedverknad, noko som inneber at forskinga skal vere relevant for omgjevnadene.

Som forskingsleiar for Forbrukarpolitikk og økonomi blir du ein del av eit fagleg sterkt og hyggeleg arbeidsmiljø. Du vil bli ein del av SIFOs leiargruppe og får moglegheit til å prege utviklinga av forbruksforskinga i Noreg.

Du må ha solid samfunnsvitskapleg forskingskompetanse, gode leiingseigenskapar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø. Du blir ein del av eit leiarteam som er opptatt av å skape forutsigbarheit og sikre tillit og gjensidig støtte, samt forankring av avgjerder. Leiargruppa består av to andre forskingsleiarar, administrativ leiar og FoU-ressurs samt instituttleiar. Du vil rapportere direkte til instituttleiar Jorge B. Jensen.

Les meir om Forbruksforskningsinstituttet SIFO: Om SIFO Les meir om eininga for Forbrukarpolitikk og økonomi på SIFO: Forbrukarpolitikk og -økonomi - OsloMet

Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil vere å:

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

Det er ein fordel om du også har:

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein leiar som opptrer ryddig og er open. Som leiar med personalansvar og ansvar for faggruppas faglege utvikling, vil personleg eignaheit bli tillagt vekt. Personleg eignaheit bygger på skjønnsmessige vurderingar basert på individuelle intervju og samtalar med referansar. I denne stillinga vil blant anna faglege ambisjonar, strategiske evner, evne til å motivere medarbeidarar til prosjektinnhenting og ellers gode samarbeids- og kommunikasjonsevner bli vektlagt.

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling framgår av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i vår region. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å tilrettelegge arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet kor du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring, er du også velkomen til å søke hos oss.

Vi tilbyr

Andre opplysningar

Søknadsprosess

Søknader vil bli behandla via OsloMet sitt rekrutteringssystem. Innan søknadsfristen må du saman med søknaden laste opp følgjande dokument:

Vi behandlar kun søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument må lastast opp for at søknaden din skal behandlast. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og du må pårekne å framvise originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tatt til vurdering.

Kontaktopplysningar

Ønskjer du nærare informasjon om stillinga, kan du kontakte:

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere.

OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Ansettelsen blir gjennomført etter prinsippene i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tjenester. Søkere som er i konflikt med dette regelverket vil ikke anses kvalifisert for stillingen.

Besøk OsloMet på LinkedIn, Facebook, Instagram