To menn i diskusjon over Pc skjerm

Seniorrådgjevar IT-sikkerhet

OsloMet – storbyuniversitetet er det tredje største universitetet i Noreg, med nesten 22 000 studentar og over 2500 tilsette. Vi har campus i Oslo sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forsking og utdanning med høg relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.

Vil du ha jobbe med IT-sikkerheit ved OsloMet? 

Vi søkjer etter ein seniorrådgivar innanfor IT-sikkerheit. Stillinga vil ha eit sentralt og operativt ansvar for IT-sikkerheita ved OsloMet.

I stillinga vil du være med på å utvikle og handtere den daglege IT-sikkerheita på heile OsloMet, og du vil, som ein del av CSIRT (computer sercurity incident response team), være med på å ivareta ansvaret for å handtere IT-sikkerheitshendingar. 

Stillinga er plassert i IT-avdelinga, og rapporterer til IT-direktøren. 

Du vil bli ein del av eit tverrfagleg team som samarbeide på tvers av organisasjonen, og jobbe tett saman med andre teknologikompetente faggrupper innanfor IT-drift, -nettverk, -sikkerheit, -forvaltning og -utvikling av OsloMet sine IT-plattformer. Sikkerheitsorganisasjonen ved OsloMet er i utvikling, og du må rekne med at oppgåvene dine vil endre seg i takt med utviklinga. 

Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere

Vi søkjer deg som har

Det vil være ein fordel om du har

Personlege eigenskapar

At du er personleg eigna for stillinga vil bli tillagt vekt. Stillinga vil også krevje sikkerheitsklarering. 

Det er viktig for OsloMet å spegle befolkninga i regionen og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss vidare som ein inkluderande arbeidsplass og tilretteleggjar arbeidsplassen dersom du har behov for det. Har du periodar i livet der du ikkje har vore i arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkommen til å søkje hos oss.

Vi tilbyr

Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i 1364 seniorrådgjevar, i lønnstrinn 62–81, tilsvarande kroner 604 900–870 900 per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 prosent i lovfesta innskot i Statens Pensjonskasse.

Andre opplysningar

Ønskjer du nærmare informasjon om stillinga kan du kontakte:

Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjingar [BE1] må vere autoriserte. Du må vise fram originalar ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. OsloMet vil også kunne gjennomføre bakgrunnssjekk. Vi vil i dei tilfella innhente samtykke.

Opplysningar om deg som søkjar kan bli publiserte på offentleg søkjarliste sjølv om du har bedt om at søknaden blir behandla konfidensielt. Om det skjer, vil vi varsle deg om det før publiseringa. 

Vil du søkje på stillinga må du søkje elektronisk i rekrutteringssystemet vårt.

Søknadsfrist:         14. august

Ref.:                     24/22039