Utgangspunktet for nettverket er at demokratiske prosedyrar, demokratisk fellesskap og demokratisk kultur er avgjerande for å sikre legitimiteten til ordningane i velferdsstaten.
I Noreg er vi vande til å regne demokratiet som eit sjølvsagt grunnlag når vi studerer andre politikkområde, men vi kan ikkje ta demokratiet som sjølvsagt. Demokrati er ferskvare og treng kontinuerleg vedlikehald. Eit viktig spørsmål er derfor om demokratiet er rusta til å handtere noverande og framtidige utfordringar.
Nettverket består av forskarar som har forska på spørsmål knytt til demokrati, og forskarar som ønskjer å styrkje kunnskapen sin om demokrati. Medlemene er tilknytt ulike seksjonar på NOVA. Felles for alle er interessa for utfordringane i demokratiet.
Vi har møter fire gonger i året for å diskutere utfordringane i demokratiet, forskingsprosjekt kvar enkelt jobbar med, og ulike teoretiske og metodiske tilnærmingar. Vi inviterer også eksterne foredragshaldarar.
Kontaktperson
Kva skjer?
-
Medlemer
Utvalde forskingsprosjekt
- Krisehåndtering i et polysentrisk nordisk lokaldemokrati: Ulike styringsstrukturer – ulike resultater? (POLYGOV)
- Inkludering av barn og unge i frivilligheten
- YouCount: Samskaping og folkeforskning med ungdom
- Et sted å være ung
- DARE: dialog om radikalisering og likeverd
- Demokrati, læring og mobilisering for unge medborgere (DEMOCIT)
- Cosmopolitan turn and democratic sentiments (CONSENT)
- Humanitær Rapport 2019: Mellom velferdsstaten og frivilligheten
- Innvandreres arbeidsmarkedstilknytning i Norge: betydningen av institusjonelle og kontekstuelle faktorer (UPMIN)
- Festivalpolitikk i endring: en kulturpolitisk analyse av musikk og kunstfestivaler i Norge (FESTIPOL)