Picture of the winners

#Hack4Education-vinnarane

Tre data- og informasjonsteknologistudentar utvikla ein nyttig applikasjon for kvinner frå sør, og kom heim som vinnarar. Hackathon er eit arrangement der programmerar møtest for å programmere og bli inspirerte av kvarandre sin dugleik i å skrive kode.

Universitetslektor George Anthony Giannoumis tok OsloMet-studentane Rosy Oo, Hifza Shahzad og Alina Zielinska med på #Hack4Education i Genève i Sveits.

Føremålet var å få innovative unge frå heile verda til å møtest for å utvikle tekniske løysingar som kan leggje til rette for livslang læring og berekraftige levevegar.

Studentane vann hackathonen med idéen om Si do, ein mobilapplikasjon som kan gjere det mogeleg for kvinner i sør å bli meir uavhengige ved å kunne nytte sy-talentet sitt til å bli entreprenørar.

Applikasjonen hjelper kvinnene til å utvikle digital dugleik, utforske nye mønster og lære korleis dei kan selje kleda dei har designa, og korleis dei kan vere til inspirasjon for andre rundt om i verda.

Si Do har tre viktige særdrag: For det første har han læringsmaterial for nybyrjarar, vidarekomne og avanserte.

For det andre er det ei sosial plattform for kommunikasjon, der brukarane kan stille spørsmål og diskutere ulike emne.

Til sist er det ein marknadsplass for handel og utveksling av design, mønster og sal av ferdige produkt.

I podcasten “The #Hack4Education winners” i Viten + snakkis får du lære meir om Si do.

Vil du ha kontakt med studentane? Send ein e-post til sido.team19@gmail.com

Publisert: 06.05.19 | Olav-Johan Øye