Bilde av Einar Stoltenberg

Ny instituttleiar på produktdesign

Einar Stoltenberg er tilsett som ny instituttleiar på Institutt for produktdesign.

Stoltenberg tek over etter Gunnar Gundersen 1. august.

– Det er stort å få høve til å leie eit så spennande institutt som Institutt for produktdesign. Vi har ei fantastisk studentgruppe og eit team av verkeleg dyktige og engasjerte medarbeidarar, seier Einar Stoltenberg. 

– Eg ser fram til hausten og gler meg til å ta fatt på arbeidet med å vidareutvikle utdanninga.

Den nye instituttleiaren er alt tilsett på instituttet som studieleiar. 

Han har utdanning med hovudfag frå Kunsthøgskulen i Oslo, og har arbeidd som høgskulelektor og førstelektor ved Høgskolen i Akershus (HiAk), Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) og OsloMet sidan 2004. Før det har han vore sjølvstendig næringsdrivande.

Han interesserer seg for vitskapdisiplinar som arkitektur- og designteori, og industri- og produktdesign, og emne som semantikk, designmetodikk og emosjonell design.

Einar Stoltenberg er også tilsett-representant i fakultetsrådet for Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD). 

Då han vart valt til fakultetsrådet lagde han særleg stor vekt på å fremje forskingsbasert undervisning som avgjerande for ei god utdanning. 

Han framheva også internasjonalisering, og at global og kulturell forståing set læring i perspektiv og medverkar til at vi utdannar dyktige og robuste studentar. 

Stoltenberg har også vore med i studieutvalet både ved HIAK og TKD, vore koordinator for bachelorstudiet på produktdesign, verneombod, AMU og sakkunnig for NOKUT.

Som sjølvstendig næringsdrivande og i samarbeidsprosjekt mellom studentar og næringsliv, har han opparbeidd kompetanse om næringslivet.

Meir om den nye instituttleiaren Einar Stoltenberg 

Meir om Institutt for produktdesign   
 

Publisert: 28.06.19 | Olav-Johan Øye