Kommande søknadsfristar for eksterne forskingsmidlar

Fleire finansieringskjelder har utlysingar som kan vera aktuelle for forskarar ved Fakultet for helsevitskap.

Stiftelsen Dam 

Stiftelsen Dam har lyst ut helseforskingsmidlar (dam.no) med søknadsfrist 15. februar. Ver merksam på at søknaden må fremjast i samarbeid med ein frivillig organisasjon med helseformål og med søkjarrett hos Stiftelsen Dam. Organisasjonane kan ha andre søknadsfristar enn Dam. 

EP PerMed

EP PerMed har lyst ut midlar (eppermed.eu) til å identifisera eller validera markørar og mål for persontilpassa medisin med søknadsfrist 5. mars. Søknadene må fremjast av transnasjonale, tverrfaglege og transsektorielle konsortium beståande av forskarar frå minimum tre land. 

Forskningsrådet

Offentlig sektor-ph.d. er lyst ut (forskningsradet.no) med søknadsfrist 6. mars.

Forskerprosjekt for fornyelse (tematisk) er lyst ut (forskningsradet.no) med søknadsfrist 6. mars. Det er ikke lyst ut helseforskningsmidler (med unntak av global helse), men andre tema kan være aktuelle (eks. utdanningsforskning).

Samarbeidsprosjekt for å møta utfordringar i samfunn og næringsliv er lyst ut (forskningsradet.no) med søknadsfrist 13. mars. Det er kunngjort lite helsemidlar. 

FRIPRO har løpande søknadsfrist. Utlysinga er open for søknader innanfor alle fag- og forskingsområde, men vektlegg fri, dristig og nyskapande forsking og vitskapleg kvalitet i internasjonal forskingsfront. Me gjer merksam på at FRIPRO har innført karenstid og karantenereglar. Alle søkjarar må setja seg inn i nye krav og retningslinjer for FRIPRO. FRIPRO har tre ulike søknadstypar:

Komplett oversikt over alle forskningsrådets utlysningar (forskningsradet.no).

Kavlifondet

Kavlifondets program for helseforsking har lyst ut 20 millionar kroner til forskingsprosjekt som omhandlar utvalde kunnskapshol innan psykisk helse hos barn og ungdom (kavlifondet.no) med søknadsfrist 15. mars. 

Horisont Europa

Oversikt over alle utlysningar frå EU (ec.europa.eu).

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 23.01.2024 |