Biletet er frå OsloMet Makerspace, og viser studentar som arbeider med oppgåver. I midten står prosjektleiar Evin Güler.

Ungdomsklubb på Makerspace

Sparebankstiftinga DNB har løyvd 500.000 kroner til Makerklubben, eit nytt tilbod til ungdom på OsloMet Makerspace.

I Makerklubben får ungdom i alderen 13 til 25 år gjere seg kjende med ulike verktøy og teknologiar. Det kan inspirere dei til å finne fram til interesser og løyse aktuelle problem.

Det nye tilbodet rettar seg mot unge som veks opp der det er ein del fattigdom, særleg i den austlege delen av Oslo. Det vert gratis å vere med.

Prosjektet vil ta omsyn til tiltak knytt til korona-pandemien.

3D-printing, programmering og musikk

Midlane frå Sparebankstiftinga DNB skal gå til utstyr og kurs. I ein kursserie skal dei unge oppmuntrast til å eksperimentere med ulike tema innan til dømes kunst, 3D-printing, programmering og musikk.

Kursa skal utviklast saman med Vær Stolt/Hjertet av Holmlia og Norsensus Mediaforum som har erfaring frå arbeid med unge med ulik sosial bakgrunn.

Faglærarstudentar i design, kunst og handverk på OsloMet skal gjennomføre kursa saman med Makerspace, som ein del av praksisperioden sin.

Sommarskule

Det er også planar om ein sommarskule som skal gje deltakarane digital kompetanse og kreative ferdigheiter.

Totalt kan Makerklubben ta med 90 til 100 unge i året. 

Vi ønskjer å utvikle eit konsept som kan nå ut til ungdommar for å gje dei ein betre sjanse i livet, uavhengig av foreldra sin situasjon eller bakgrunn. – Evin Güler, prosjektleiar for OsloMet Makerspace

Læringsarena for handverk og teknologi

I ei verd som endrar seg raskare enn nokon gong, er det viktig å utdanne tilpassingsdyktige, skapande og kreative menneske. Dette er grunngjevinga til Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) på OsloMet for dette tiltaket. 

– I eit Makerspace kan ungdom vere nysgjerrige, trene opp samarbeidsevner, tenke utanfor boksen og verte merksame på evnene sine til å skape noko frå botnen av, skriv fakultetet i søknaden til stiftinga. 

Makerspace vert framheva som ein læringsarena som gjev born ei ny forståing for handverk og teknologi, der ferdigheitene overlappar kvarandre og grensene vert utfordra.

Kan gje ungdom frå fattige familiar ein sjanse til å utvikle seg

Makerklubben kan demokratisere denne læringseffekten, og gje ungdom frå familiar med låg sosioøkonomisk status ein sjanse til å nytte potensialet sitt, og verte rusta til å ta betre val i framtida når dei skal velje studieretning eller karriere.

– Vi veit at det har blitt fleire born og ungdommar som veks opp i fattigdom i Noreg, og at born av innvandrarar er overrepresenterte, seier prosjektleiar for OsloMet Makerspace, Evin Güler.

– Vi ønskjer å utvikle eit konsept som fleire skaparverkstader kan gjennomføre med så lite ressursar som mogeleg, slik at vi kan nå ut til fleire ungdommar for å gje dei ein betre sjanse i livet, uavhengig av foreldra sin situasjon eller bakgrunn.

Biletet øvst på sida er frå OsloMet Makerspace. I midten står prosjektleiar Evin Güler. Foto: Benjamin Ward, OsloMet/Flickr.

Kontakt

Laster inn ...

Mer om OsloMet Makerspace

Makerspace, en kreativ lekeplass for studenter

På OsloMet Makerspace kan studentene 3D-printe, laserkutte, programmere og ellers lage det de vil.

To studenter jobber på Makerspace foran en datamaskin.
Publisert: 06.01.2021 | Olav-Johan Øye