OsloMet inviterer til samarbeid med ulike aktørar i samfunnet. Vi gir eit viktig kunnskapsbidrag som samarbeidspartnar i utviklinga av velferdssamfunnet.
OsloMet ønskjer ein tydeleg profilering ovanfor storbyregionen. Det inneber ein tydeleg samhandling med eit fleirkulturelt og internasjonalt samfunn.
Gjennom fleire oppdrag frå arbeidsgivarar ønskjer vi å utvikle kompetanse som både kjem partnarar utanfor universitetet til gode og samtidig gir impulsar frå og økt nærleik til dagens arbeidsliv for våre utdanningar. Tettare relasjonar med arbeidslivet kan også gi opphav til forsking av felles nytte.
Skreddarsydde tilbod:
- Studium, kurs, etterutdanning og rettleiing blir tilpassa oppdragsgivaren sitt behov.
- Vi inngår avtalar om forskingsoppdrag og utviklingsarbeid i tett samarbeid med oppdragsgivaren.
- Studia tek utgangspunkt i deltakarane sin eigen arbeidssituasjon, og deltidsstudium kan kombinerast med eige arbeid.
- Samlingane kan bli halde på studiestadene Kjeller og Pilestredet og/eller gjennomførast hos oppdragsgivaren.
-
Kompetanseutvikling
OsloMet tilbyr ei rekke faste kurs og studium for kompetanseutvikling til tilsette i offentleg eller privat sektor. Vi skreddarsyr også kurs for din arbeidsstad.
OsloMet har eit breitt fagmiljø som i samarbeid med oppdragsgivar kan utvikle studieprogram, kurs og andre prosjekt som bidreg til kompetanseheving i di bedrift eller organisasjon.
Vi tilbyr kompetanseheving innanfor fagområda:
- Livslang læring ved Institutt for estetiske fag: Enhet for innovasjon og kompetanseutvikling (EIK)
- Bygg- og energiteknikk
- Om School of Management
- Skreddersydd etter- og videreutdanning ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier
- Kompetanse for framtidens barnehage
- Yrkesfaglærerløftet
- Videreutdanning for lærere - Kompetanse for kvalitet
- Videreutdanning for ledere i barnehage, skole og trafikkskole
- Tilskuddsordning for lokal kompetanseutvikling for barnehage, grunnopplæring, fag - og yrkesopplæring og voksenopplæringen
Sjå alle etter- og vidareutdanningstilboda i studieoversikten eller ta kontakt med OsloMet.
-
Verdiskaping, innovasjon og entreprenørskap
OsloMet jobbar med behov, utfordringar og moglegheiter knytt til feltet verdiskapning, innovasjon og entreprenørskap (VIE).
Målet med arbeidet er å bidra til større nytte av forsking og forskingsresultat, skape meir relevans i utdanningane, og å bidra til å løyse samfunnet sine behov, utfordringar og moglegheiter.
VIE-feltet inkluderer:
- MIT Regional Entrepreneurship Acceleration Program (REAP) (ansatt.oslomet.no)
- Gründergarasjen (ansatt.oslomet.no) i samarbeid med Simula Research Lab
-
Formidling og utvikling
OsloMet er kunnskapspartnar innanfor rettleiing, innovasjon, utviklingsoppdrag, føredrag, utgreiingar og konsulenttenester.
Universitetet har eit breitt fagmiljø, som i samarbeid med oppdragsgivar, kan vere behjelpeleg med å utvikle prosjekt for kompetanseheving i di bedrift eller organisasjon. OsloMet leverer tenester tilpassa di verksemd som støttar verdiskaping og utvikling.
Vi tilbyr følgjande tenester:
- Betongprøving (ligg under punktet "Mer om instituttet")