Vår historie

OsloMet vart etablert 12. januar 2018, 24 år etter at tanken om ein høgskole for regionen oppstod under høgskolereforma i 1994.

OsloMet – storbyuniversitetet er eineståande i nasjonal samanheng, gjennom dei mange profesjonsutdanningane våre, nærleiken til praksisfelta og mogligheitene til fordjuping på både master- og ph.d.-nivå.

Samling og styrking

Historia vår bygger på fleire fusjonsprosessar og har tradisjonar fleire hundre år bak i tid. Nokre av utdanningane ved OsloMet har eksistert i over 100 år. Blant anna gjeld det ingeniør-, lærar- og sjukepleiarutdanningane.

Utdanningane vi i dag tilbyr ved OsloMet var frå slutten av 1970-åra og fram til 1994 fordelt på ei rekke høgskolar. 1. august 1994 vart Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus oppretta.

Høgskolane i Akershus vart i 1994 samla i Høgskolen i Akershus. I tillegg vart også Statens yrkespedagogiske høgskole, som mellombels var flytta til Bygdøy, ein del av Høgskolen i Akershus. Dei resterande 13 høgskolane i regionen, som og omfatta utdanningane ved Bislet høgskolesenter, vart en del av Høgskolen i Oslo.

Frå dei to høgskolane vart etablert i 1994 har dei, på kvar sin kant, arbeidd for samling og styrking av verksemda, både fagleg og administrativt. Samling innanfor ramma av eit bygg eller ein campus har vore eit viktig mål i dette arbeidet. Nye studieplassar har økt studiekapasiteten ved begge høgskolane. Kvaliteten på utdanningane har gitt eit godt omdøme, og rekrutteringa av studentar har vore god. FoU-arbeidet har vidare fått eit omfang og ein kvalitet som har gjort det mulig å etablere høgare gradsstudum ved begge høgskolane.

Postkort med Christiania Tekniske Skole

Christiania Tekniske Skole starta allereie i 1873, berre tre år etter den første tekniske skolen i Noreg. Bygg-, maskin- og kjemi­utdanning kom først på plass. Foto: Oslo byarkiv.

Framtidige utfordringar

OsloMet har som mål å bli eit ledande universitet i Norden med ein profesjonsretta profil.

HiO og HiAk var lokalisert i ein region som har nær ein fjerdedel av befolkninga i landet. Det er dessutan den regionen i landet som veks mest, og veksten er særleg stor i den gruppa som vil søke høgare utdanning. Dette er vekst som vil vare i Oslo og Akershus fram mot 2025, og vil gi auka behov for nye studieplassar. Målet til OsloMet er å bidra sterkare enn tidlegare til utvikling av denne re­gionen.

Samstundes skaper ei vekst i befolkninga større behov for kvalifisert arbeidskraft. I åra framover vil det bli naudsynt for helse- og sosialpersonell, lærarar, førskolelærarar og andre. I tillegg vil næringsliv og kommunar ha behov for auka tilgang på ingeniørar. Høgskolane har eit samfunnsansvar for å sikre tilførsel på slik arbeidskraft, og det må skje gjennom ei vesentleg auking i talet på studieplassar i Oslo og Akershus.

Kvalifikasjonskrava i dei enkelte yrka og profesjonane blir endra, og dette må utdanningane spegle. Lærerutdanninga står framfor store krav om fornying som gjer betydelige omstillingar naudsynt.  Dette gjeld fleire utdanningar. Det er ikkje berre behov for fleire yrkesutøvarar i helsesektoren, men også krav om ny kompetanse, med tanke på utfordringane innan eldreomsorga. Gjennom breiare samarbeid og større fagmiljø aukar høgskolane sine mogligheiter til å møte desse utfordringane.