!
Studiet blir ikkje tilbydd i 2020

Grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring (GLSM)

Videreutdanning

Gjennom dette studiet skal studentane auke den faglege og didaktiske kompetansen innan grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkopplæring og utvide den pedagogiske kompetansen for å bli fullgode lærarar i småskolen.

  • Opptakskrav og søknadsfrist

    Søknadsfrist

    • 1. mars (tidlig opptak)
    • 15. april.

    Krav til opptak

    Krav til opptak er fullført førskule-/barnehagelærarutdanning. I tillegg kjem krav om minimum karakteren 3 i matematikk (224 timer) og norsk (393 timer, gjennomsnitt av hovudmål, sidemål og munnleg) frå vidaregåande skole. Karakterkravet i matematikk gjeld ikkje for søkjarar som har matematikk på høgare nivå eller matematikk R1/R2 frå vidaregåande skole. 

  • Slik søker du

  • Korleis er undervisninga?

    Studiet har fire veker obligatorisk, rettleidd praksisopplæring i grunnskolen, og det vil bli lagt vekt på å gje ei praksisnær teoriforankring innan lesing, skriving og matematikk og innsikt i og røynsler med skolen som institusjon, klasseleiing og lærar - elevrolla.

    I det første studieåret er det to fleirfaglege semester – lærarrolla og begynnaropplæring i matematikk og norsk og vurdering og tilpassa opplæring i matematikk og norsk. I det andre studieåret er det fagleg fordjuping i norsk og matematikk.

    Studietilbodet er utvikla som ei kompletterande utdanning for førskolelærarar som skal kvalifisere seg til grunnskolelærar for 1. - 4. trinnet.

    Studieside for GLSM

    Besøk studentportalen for meir informasjon om dette studiet (student.oslomet.no).

    Her vil du også få sjå seinaste timeplan for utdanninga.

  • Kostnadar

    Semesteravgift (student.oslomet.no). 

    Denne består av ei semesteravgift til Studentsamskipnaden SiO og kopiavgift.

    Studieavgift er på ca. 7500 kroner per semester.

  • Semesteroversikt, program- og emneplaner

    Valgfritt emne Løper over flere semestre

    2. studieår

    1. semester
    2. semester

Fagleg ansvarlig

Laster inn ...

Har du nokre spørsmål?

Kontaktskjema