Kva er det med sjukepleiaryrket som er fint?
– I det du seier at du er sjukepleiar, får du ein klapp på skuldera frå alle samfunn verda over. Og det seier eigentleg alt om det yrket. Eg kjem ikkje på nokon andre yrkesgrupper som jobbar ræva av seg og klagar mindre. Du ofrar livet ditt for å hjelpe andre, og det er fint i heile verda. Også er det jo eit givande yrke, der du ser at du hjelp andre. Det er jo... eg kan ikkje tenke meg noko anna som er betre, eigentleg?
– Følte at eg gjorde ein forskjell som sjukepleiar
Lars havna etter kvart i showbiz på fulltid, men det var ikkje fordi han mistrivdes som sjukepleiar:
– Det var veldig naturleg for meg å gjøgle og drive med komikk, eg har gjort det tidlegare. Eg er ein sånn person som har lyst til mykje. Eg trappa ned på sjukepleiarjobben då eg ikkje hadde tid til å jobbe dobbelt lenger.
Er det noko du saknar med å vere sjukepleiar?
– Ja, masse. Då eg jobba som sjukepleiar var det kanskje den eineste gangen i livet mitt eg gjekk heim og følte meg vel med at eg hadde gjort ein liten forskjell. Om det er å komme heim frå ein sjukeheimsjobb, eller frå psykiatrien eller somatikken, så har ein gjort noko som faktisk er bra. Det gjer eg ikkje som komikar, så det saknar eg. Ein heilt reel tanke for meg er at eg skal tilbake og jobbe som sjukepleiar på fulltid.
Opprinneleg publisert på hioa.no/24_7 den 16. februar 2018.