Fysioterapeut på frisklivssentral

Heidrun Holdhus lenar seg mot eit treningsstativ.

Det er god plass i treningslokalet og Suman (34) har sin første konsultasjon i styrkerommet. Heidrun har spesialtilpassa eit treningsopplegg og tek han gjennom det 20 minuttar lange treningsprogrammet, forklarar og viser.

– Det er fint å få rettleiing om styrketrening på denne måten. Då er det også lettare å komme i gang, seier Suman fornøgd.

På frisklivssentralen hjelper Heidrun pasientane med å betre sin fysiske og psykiske helse.

– Først og fremst rettleiiar og tilpasser vi tiltak for fysisk aktivitet, betre kosthold og tobakkavvenning, seier Heidrun, og legg til at det kan vere krevjande å endre levevanar og å mestre livet med helseplager og sjukdom.

Suman er ikkje den som er i dårligast form av dei som kjem hit, men han har fått henvising av fastlegen på grunn av diabetes. Han tek sjukdommen på alvor.

– No er det endå viktigare for meg å halde meg i form og eg håpar på ein stigande formkurve. Då blir også kona glad, seier Suman og tek i litt ekstra.

Suman som tek armhevingar medan han smiler. Heidrun sit i bakgrunnen.

Tverrfagleg behandling

– No er det endå viktigare for meg å halde meg i form og eg håpar på ei stigende formkurve. Då blir også kona glad, seier Suman og tek i litt ekstra.

Dei som jobbar på ein frisklivssentral har ulik fagleg bakgrunn som blant anna innanfor fysioterapi, ernæring, ergoterapi, sykepleie, helsesjukepleiar og idrettspedagogikk. På frisklivssentralen er Heidrun berre ein av fleire i eit team med forskjellig kompetanse – frå kosthold til trening.

– Vi følgjer opp brukarane gjennom individuelle helsesamtalar, rettleiing, kurs og gruppetilbod. I samarbeid med deltakaren lagar vi ein plan for oppfølgingsperioden som er på tolv veker. Vi fokuserer på å styrke den enkelte sin motivasjon og engasjement for å endre vanar.

Heidrun fortel at målet er å skape eit godt grunnlag for varig endring. Deltakarar får hjelp til å finne passande tilbod i etterkant, for eksempel andre tur- eller gruppeaktivitetar.

Motivere til trening og endring

Har du lyst til å jobbe ved ein av landet sine frisklivssentralar? Heidrun fortel litt om kva kvalifikasjonar dei ser etter.

– Det er også viktig for oss at søkaren har evne til å kommunisere godt med menneske i alle aldersgrupper. Vi ser etter personar som er allsidige, likar utfordringar og har evne til å motivere og inspirere andre.

Heidrun trekk fram dei personlege eigenskapane som er viktige, men seier også at erfaring frå praksis og frisklivsarbeid er positivt.

– Det tel å ha erfaring med individuell treningsrettleiing og gruppebasert treningsinstruksjon, sidan det er ein del av det daglege arbeidet og naturleg tilfallar fysioterapeuten i frisklivssentralen. Dessutan er det viktig å kunne tilpasse treninga ut frå vårt faglege perspektiv innanfor fysioterapi.

Interkulturell kompetanse nyttig

I tillegg til utdanninga som fysioterapeut, har Heidrun Holdhus også eit årsstudium i interkulturell forståing. Det kjem godt med i jobben ved Bjerke frisklivssentral.

– Hjå oss er det ein fordel å ha kompetanse eller interesse i migrasjonshelse sidan 90 prosent av brukargruppa vår kjem frå andre land, seier ho.

Eit viktig bidrag til folkehelsa

Frisklivssentralen er eit viktig tilbod til personar som har auka risiko for, eller allereie har sjukdommer eller utfordringar knytt til fysisk og psykisk helse.

– Sjukdomsbildet i Norge dominerast av livsstilsrelaterte sjukdommar som kreft, diabetes, muskel- og skjelettlidingar, kroniske luftvegssjukdommar, hjarte- og karsjukdommar og psykiske lidingar, seier Heidrun Holdhus.

Ho legg til at dette er sjukdommar som i stor grad kan førebyggast ved hjelp av tiltak som fremjer sunn helseatferd og mestring av psykiske utfordringar.

– Frisklivssentralene er eit viktig bidrag for å redusere livsstilsrelaterte sjukdommar og talet for tidlig død som følgje av levevanar. Vårt mål er å stimulere til betre helse og førebygge sjukdom, seier ho.

Om frisklivssentralane

Det finst mange frisklivssentralar rundt om i landet. Her får brukarane hjelp til auka fysisk aktivitet, sunnare kosthold og snus- og røykeslutt.

I tillegg har mange eigne tilbod til born og unge, søvnkurs, kurs i depresjonsmestring, mestring av belastning og samtalar om alkoholvaner.

Ei typisk arbeidsveke på Frisklivssentralen

Heidrun Holdhus fortel om ei aktiv og variert arbeidsveke for fysioterapeutane på Bjerke frisklivssentral – så vel inne som ute. Slik kan ei veke sjå ut:

Måndag: Først ute og går tur med deltakarane, resten av dagen har vi individuelle helsesamtalar.

Tysdag: Kurs, enten i kosthold, røykestopp eller mestring av depresjon i tillegg til gruppetrening for gravide eller kvinner i barsel.

Onsdag: Individuell treningsrettleiing for deltakarar som ønskjer å nytte eigentreningstilbodet.

Torsdag: Gruppetrening med step og styrke samt gruppetilbud for born og deira familiar eller undervising i kosthold ute på barneskular.

Fredag: Møter og individuelle samtalar med deltakarane. Rettleiing eller føredragsverksemd ut mot barnehagar, helsestasjon, NAV og for seniorar i bydelen.