Lærarspesialistar har ei viktig rolle

Vaksne studentar i klasserom

Nina Olsvoll har 25 års arbeidserfaring frå barnehage og skule, men ønskjer å utvikle seg vidare i sitt pedagogiske arbeid i Meland kommune. Ho tenkjer langsiktig og har tru på at kompetanse og fagleg tryggleik som lærarspesialist kjem godt med.

Kunnskap til hjelp for dei yngste

Ein av grunnane til at Nina valde å studera til å bli lærarspesialist i begynnaropplæringa er at ho ønskjer meir fagleg tryggleik.

– Eg er ein lærar som lever for yrket mitt med dei yngste. Eg veit at vi kan gjera ein stor skilnad. Det skumle er at vi kan gje dei yngste ein skilnad på fleire måtar, og då ikkje berre gode måtar, seier ho. Eg ønskjer endå meir kunnskap om korleis vi kan gje eit best mogleg grunnlag for dei yngste slik at dei får eit godt skuleliv vidare. Eg ønskjer endå meir tryggleik i min praksis. Der har studiet verkeleg innfridd så langt, konstaterer ho.

God teori gir trygg praksis

Nina er kontaktlærar på første trinn i skulen og seier det har vore lett å gjennomføra relevante opplegg frå studiane i eigen klasse. – Teorien er så god, synest eg, at det er veldig mykje å henta rett inn i undervisninga. Det gjer at arbeidsmengda ikkje verker så omfattande som den kunne ha vore, i tillegg til at det har gjort studentjobben lettare, seier Nina.

– Eg meiner dessutan at lærarane har vore gode på å finna god og relevant litteratur. Sjølv det som er på engelsk har det vore lett å lesa. Eg har faktisk aldri kost meg sånn med fagleg litteratur som eg har gjort på studiet så langt, seier ho nøgd.
 

Viktig korleis elevar lærer

Nina jobba i barnehagen då seksåringane fortsatt gjekk der, og har mange år med praksis med dei yngste i skulen. Ho har mange tankar om kva som er bra for dei yngste, både fagleg og sosialt. 
– Eg synest det er eit for stort press allereie frå første klasse på testing og på fagleg prestasjon. Det er mindre fokus på kva seksåringen er, enn kva han skal lære. Målet er at vi skal læra kvar elev mest mogleg, men då må vi kunne meir om korleis dei lærer, slår Nina fast og trekkjer fram korleis ho skal bruka teorien ho har fått gjennom studiet.

– I studiet så langt har eg fått mykje teori på kva som er bra og kor vi kan bli betre. Dette ønskjer eg å formidla vidare til mine kollegaer som arbeider med dei yngste. 

Planar med forskingsbasert tyngde

Men Nina vil lengre med teorien ho får gjennom studia.

– Eg ønskjer å vera med å laga planar for god overgang frå barnehage til skule. Slik det er no, er det administrasjon og styrarar som har overføringsmøter. Det er ingen felles plan som sikrar at vi på skulen får informasjon om kva barna har hatt fokus på i barnehagen, forklarar Nina.

– Vi veit lite om kva dei kan frå før. Her treng vi gode planar for å gje elevane ein god start og ein god overgang. For meg hadde det vore meiningsfylt å få vera med å utvikla ein slik plan. 

Studiet Nina tar for å bli lærarspesialist i begynnaropplæringa gir ho den faglege tyngda ho er ute etter. 

– Gjennom studiet får eg mykje forskingsbasert teori som er relevant å ha med når vi gjer endringar eller har pedagogiske diskusjonar. Mellom anna forsking på dei elevane som er fødd seint på året. Dei skal målast til same tid som dei som er fødd tidleg på året. Korleis bruker vi dei ulike testane og kva for validitet har dei? Vi har fått mykje god teori på dei fleirspråklege elevane. Vi må sjå på dei ressursane dei har. Dette må inn i dei same planane, seier ho engasjert.

Lærarspesialistens plass i heimkommunen

Om rollen som lærarspesialist i heimkommunen Meland er Nina tydeleg.

– På min skule treng vi å få eit godt system for begynnaropplæringa. Det er mykje opp til kvar einskild lærar, og vi manglar – slik eg ser det – eit pedagogisk team som kan bygga opp eit godt system for korleis vi skal gjera det frå år til år. Eg har lyst å vera med å sjå på kva vår skule kan gjera for å gje våre elevar eit godt grunnlag.

Behov og etterspørsel etter lærarspesialistar kan likevel visa seg å vera uklart i tida som kjem, for heimkommunen til Nina blir i 2020 del av ein storkommune. Sjølv om Nina er noko betenkt over om kommunen i omorganiseringa har ein plan for korleis dei skal bruka kompetansen til lærarspesialistar, er det likevel i ny organisering at Nina ser moglegheiter.

– Eg tenkjer at min kompetanse kan bli brukt i samband med etablering av ny kommunestruktur. Det hadde vore spennande å kunna bruka kompetansen og vera med å påverka rutinar i ein storkommune, avsluttar ho.