Dei fleste som har utfordringar med rus, klarer å overvinne desse utan hjelp frå det formelle hjelpeapparatet. Men personar med rusavhengigheit opplever samansette og omfattande psykososiale utfordringar, og har vanlegvis behov for formell hjelp for å meistre endring på fleire område i livet. Denne avhandlinga har som mål å bidra med kunnskap om psykososiale faktorar som påverkar pasientar si meistring i overgangen frå døgnbehandling for rusavhengigheit til kvardagen etter utskriving.
Overgangen frå døgnbehandling til tida etter utskriving er utfordrande for mange, og eit sentralt føremål med døgnbehandlinga er å motverke tilbakefall til tidlegare livsstil og bidra til langsiktig endring og meistring.
Avhandlingsarbeidet har blitt utført gjennom ulike metodar, inkludert systematisk oversikt, fokusgruppeintervju, evalueringsstudie og spørjeundersøking. Gjennom arbeidet har ein kartlagt ulike faktorar som kan bidra til meistring, inkludert psykisk velvære, sosial deltaking og reduksjon i bruk av rusmiddel. Studien har også lagt vekt på andre meistringsfremjande faktorar, som tilhørighet, motivasjon og føreseielegheit.
Resultata frå studien har vist at fleksible og individuelt tilrettelagte tenester, som gir pasientane valfridom og moglegheit til å medverke i løpet av behandlingsforløpet, kan styrke meistringa. Studien har også vist at slike intervensjonar kan ha positiv innverknad på tilsette si arbeidstilfredsheit.
Samla sett bidrar avhandlinga med kunnskap om meistringsfremjande faktorar for pasientar i overgangen frå døgnbehandling til tida etter utskriving, kunnskap om kva intervensjonar som kan styrke meistringsfremjande faktorar, og kunnskap om korleis meistringsfremjande intervensjonar kan påverke tilsette si arbeidstilfredsheit. Dette har betydning for korleis overgangen mellom tenestenivå kan planleggast i samarbeid med pasientane, og for korleis praksisfeltet kan møte den enkelte pasient sine ønskjer og behov.