Denne avhandlinga er ein kvalitativ studie om sjukehusosialarbeidaren si praksis ved akutt og kritisk sjukdom hos barn og unge. Avhandlinga byggjer på semistrukturerte individuelle intervju med 19 sjukehusosialarbeidarar tilknytta barne- og ungdomsavdelingar på 12 somatiske sjukehus i Noreg. Den består av tre artiklar som på ulike måtar undersøkjer sjukehusosialarbeidaren sitt jurisdiksjonelle arbeid.
Første artikkelen tar utgangspunkt i beskrivingar av behov, intervensjonar og grunngjevingar for praksis og knyter dette opp mot eit helsekompetanseperspektiv. Den andre artikkelen bruker grensearbeid som eit analytisk omgrep for å utforske korleis sjukehusosialarbeidarane posisjonerer seg i det tverrprofesjonelle samarbeidet. Den tredje artikkelen utforskar kompetansar som er sentrale for å bygge bro mellom personar, organisasjonar og ulike perspektiv.
Avhandlinga sine funn knytt til sjukehusosialarbeidaren sine grunngjevingar for praksis kan oppsummerast i deira ønskje om å styrke foreldra si oppleving av oversikt, forutsigbarheit og kontroll. Med grunnlag i kunnskap om ulike behov i ein akuttsituasjon, om velferdssystemet og om ulike medisinske forhold, søkjer dei å styrke foreldra si helsekompetanse gjennom informasjon og rettleiing, identifisering av behov for medisinsk informasjon, ivaretaking av emosjonelle behov og bygge bro mellom personar og perspektiv.
Når det gjeld posisjonering i tverrprofesjonelt samarbeid peikar funna på to hovudstrategiar hos sjukehusosialarbeidarane. På den eine sida ønskjer dei å framstå som noko distinkt anna enn nærliggjande yrkesgrupper. Samstundes søkjer sjukehusosialarbeidarane tverrprofesjonelt samarbeid ved å byggje relasjonar og ved å leggje mindre vekt på dei jurisdiksjonelle grensene.
Funn knytt til artikulering av kompetanse viser kompetansar som på ulike måtar kan relaterast til persontilpassa praksis, evna til å ta andres perspektiv og bygge bro mellom ulike interesser og perspektiv.
Avhandlinga sine funn fremjar aktuelle tverrprofesjonelle interaksjonsmekanismar og kompetansar, og understrekar betydninga av å inkludere politisk initierte samfunnsoppdrag som del av praksisgrunngjevingar. Avhandlinga sine funn kan forståast som bidrag til å styrke sjukehusosialarbeidaren si legitimering av praksis, posisjon og kompetanse, som vil ha betydning for jurisdiksjonelle prosessar. Dette vil igjen kunne ha innverknad på profesjonaliseringsprosessar utanfrå.