Avhandlinga undersøker korleis to norske institusjonar med demokratiske forpliktingar knytt til informasjonssfæren – redaktørstyrte medium og tryggingsstyresmakter – forstår og handterer desinformasjon som ei samfunnstrussel, samt kva demokratiske dilemma som oppstår som følgje av deira mottiltak. Ho gir ny innsikt i korleis desse aktørane navigerer auka spreiing av desinformasjon, og aukande press på demokratiske normer.
Studien byggjer på intervju og observasjonar rundt stortingsvalet 2021, og nyttar demokratiteori og Hallin (1986) sin sfæreteori for å belyse korleis desinformasjon påverkar offentleg debatt og utfordrar demokratiske institusjonar.
Funnene viser at tryggingsstyresmaktene ser desinformasjon som ei alvorleg trussel og etterlyser betre kontroll med informasjonsstraumar, samstundes som dei erkjenner at slike tiltak kan utfordre grunnleggjande demokratiske verdiar. Journalistane åtvarar mot inngrep som kan svekke ytrings- og pressefridomen, men står sjølv i eit spenn mellom presseetiske ideal og pragmatiske omsyn. Det finst teikn til at media gradvis nærmar seg tryggingsstyresmaktene si forståing, noko som kan få konsekvensar for det offentlege ordskiftet.