Disputas: Ritva Kyrrø Jacobsen
Ritva Kyrrø Jacobsen forsvarer avhandlinga si "Utvikling av open dialog som tilnærming i offentlege psykiske helsetenester – erfaringar frå ei norsk kontekst" for doktorgraden i helsevitskap.
Ritva Kyrrø Jacobsen forsvarer avhandlinga si "Utvikling av open dialog som tilnærming i offentlege psykiske helsetenester – erfaringar frå ei norsk kontekst" for doktorgraden i helsevitskap.
Prøveforelesing: Kva skil open dialog frå andre terapeutiske tilnærmingar i møte med menneske i krise, med særleg referanse til dialogismen og psykologismen?
Vurderingskomité:
Disputasleiar er førsteamanuensis Anne-Marthe Rustad Indregard, OsloMet.
Hovudrettleiar er professor Bengt Karlsson, Universitetet i Sørøst-Noreg. Medrettleiarar er professor Ellen Karine Grov, OsloMet og psykologspesialist, ph.d. Tiril Østefjells, Akershus universitetssjukehus.
Denne doktorgradsavhandlinga er ein del av eit større forskingsprosjekt, "Open dialog i nettverksmøte", der formålet var å lære opp klinikarar i den dialogbaserte tilnærminga open dialog, for deretter å undersøkje erfaringane med utviklinga av denne tilnærminga i offentlege helsetenester i ei norsk kontekst.
Studien har eit longitudinelt, eksplorativt og deltakande design, og gjer bruk av kvantitative og kvalitative metodar. Fire sjukehusavdelingar innan divisjon for psykisk helsevern ved Akershus universitetssjukehus, og to einingar i primærhelsetenesta har delteke i studien.
Til saman 42 klinikarar og to brukar- og pårøranderepresentantar gjennomførte eit opplæringsprogram i open dialog. Klinikarar som deltok i opplæringsprogrammet, eller hadde anna relevant opplæring innan tilnærminga, vart invitert til vidare deltaking der målet var å utvikle open dialog i deltakande einingar.
I alt 43 klinikarar og 353 nettverksmøtedeltakarar vart inkluderte i studien. Datainnsamling vart gjord ved bruk semistrukturerte spørjeskjema og fokusgruppeintervju.
Analysar av kvantitative data vart gjennomførte ved bruk av deskriptive analysar i SPSS. Analysar av kvalitative data vart gjennomførte ved bruk av refleksiv tematisk analyse.
Hovudfunnet til studien peikar på
Studiens hovudfunn blir diskutert gjennom fire relaterte tema:
Studien gir implikasjonar for praksis. Den viser at open dialog som tilnærming bidrar til ei endring i grunnlagsforståinga av behandling og eit meir likeverdig samarbeid mellom pasientar, dei sosiale nettverka deira og fagfolk som er med på å humanisere psykisk helsearbeid og fremme individets rett til sjølvråderett.
Studien bekreftar tidlegare forsking som viser at open dialog kan bidra til å fremme ei samarbeidsform innan psykisk helsearbeid som støttar opp under pasientars og det sosiale nettverks ulike og unike perspektiv og ressursar i behandling.