English version

Disputas: Eva Marie Toreld

Eva Marie Toreld disputerer for ph.d.-grada i samfunnsvitskap, studieretninge sosialt arbeid og sosialpolitikk, med avhandlinga «Tilbakeføringsarbeid frå fengsel til samfunnet – ein situert praksis».

Tittel på prøveforelesinga: «Digitaliseringa si betydning for tilbakeføringsarbeid frå fengsel til samfunnet».

Tittel på avhandlinga: «Tilbakeføringsarbeid frå fengsel til samfunnet – ein situert praksis».

Vurderingskomiteen består av:

Disputasleiar er prodekan for forsking ved Fakultet for samfunnsvitskap, professor Steen Steensen.

Samandrag

Straffegjennomføring i norske fengsel skal bidra til vellykka tilbakeføring til samfunnet, og ei reell moglegheit for å leve eit liv utan kriminalitet. Gjennom intervju med tilsette i fengsel med høg sikkerheit, menn som sonar eller har sona dom i slike fengsel, og tilsette ved friomsorgskontoret til kriminalomsorga og i kommunale velferdstenester tar avhandlinga sikte på å gi ei betre forståing av tilbakeføringsarbeid i fengsel og formidlekunnskap og reiskapar til avgjerdstakarar og praktikarar.

Den første av dei tre artiklane til avhandlinga adresserte utestenginga frå digital teknologi under straffegjennomføring i norske fengsel med høg sikkerheit i relasjon til normalitetsprinsippet. Den andre undersøkte korleis tilsette involvert i tilbakeføringsarbeid i fengsel handterer misforholdet mellom den nesten heilt analoge fengselsverda og den digitale velferdsstaten. Den tredje artikkelen retta blikket mot kva som kjenneteiknar tilbakeføring til samfunnet, og kva hindringar og moglegheiter som kjem til uttrykk i skildringane til deltakarane.

Samla viser avhandlinga at tilbakeføringsarbeid er ein prosess som må forståast kontekstuelt og verkar forhandla, samskapt, dynamisk og relasjonelt. Hindringar som manglande ressursar og koordinering av tenester utfordrar ideen om at løysinga på tilbakeføringsproblem ligg hos motivasjonen til den straffedømde. Avhandlinga synleggjer betydninga av konteksta og gir forslag til vidareutvikling av tilbakeføringsarbeid med fokus på samhandling mellom tilsette og innsett.