"Skyggens sang" er eit nordisk-palestinsk samarbeid som har resultert i ei bildebok som blir gitt ut i oktober. Boka er rikt illustrert og heilt utan ord, som også fungerer som eit ope partitur for eit musikkverk. Forfattaren og Bilal Irshed med ein kvartet kjem til OsloMet for å halde ein konsert med musikalske tolkingar frå bildeboka. Korleis kan ein finne inspirasjon og støtte i kunst og musikk?
Anne Sofie Allermann er ein dansk barnebokforfattar busett på Fredriksberg i Danmark. “Skyggens sang” er skapt i samarbeid med henne, den dansk-palestinske komponisten og musikaren Bilal Irhed og den palestinske illustratoren Baraa Alawoor.
Musikken vi skal høyre fangar essensen og skjønnheita frå Austen, samtidig som den tilfører ein moderne vri ved å kombinere lyden med afro-cubansk perkusjon og kontrabassen frå den skandinaviske jazztradisjonen. Kvarteten består av Bilal Irshed på oud, Rasmus Møldrup på kontrabass, Ayi Solomon på perkusjon og Tine Vitkov på klarinett.
Bak initiativet til “Skyggens sang” står den nystarta foreininga Grobro, som jobbar for å skape kunstnariske og litterære bruer mellom dei nordiske landa og land i Midt-Austen. Konserten er tilrettelagt av Kulturutvalget ved OsloMet (ansatt.oslomet.no).
Gratis og ope for alle! Ta gjerne med lunsjen din. Det vil vere mogleg å kjøpe kaffi, te og kaker i Festsalen.