FoUI-utvalet ved Fakultet for helsevitskap er rådgivande overfor fakultetsleiinga, og har fått delegert avgjerdsstyresmakt i enkeltsaker.
Utvalet skal bidra til å utvikla fakultetets forskings- og innovasjonsarbeid, og dessutan bidra til at fakultetet har ein heilskapleg FoU- og innovasjonsstrategi og ein samfunnsrelevant portefølje av forskingsmiljø med høg kvalitet og som reflekterer den faglege profilen og eigenarten til fakultetet.
Utvalet skal vera ein arena for å diskutera politiske, strategiske, faglege og etiske sider ved forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og for å vurdera erfaringar og resultat.
Utvalet skal sjølv initiera utgreiingar på dei områda utvalet finn nødvendig.