Marknadsføring på campus
Her finn du informasjon om korleis du kan søke om standplass, og reglar for plakatoppheng, flyers og gratisaviser ved OsloMet.
Her finn du informasjon om korleis du kan søke om standplass, og reglar for plakatoppheng, flyers og gratisaviser ved OsloMet.
Studentforeiningar og tilsette ved OsloMet kan få løyve til å ha stand med aktivitetar som er retta mot studentar og tilsette.
Eksempel på dette er informasjon om sosiale arrangement, foreiningsaktivitetar, politiske møte og humanitære formål initiert av studentar.
Studentforeiningar må vere godkjente registrerte og finst i foreiningsoversikta hos SiO for å kunne innvilgast standplass.
Det er mogleg å søke om å få stå på stand heile året, bortsett frå i studiestartvekene og eksamensperiodar.
Det er fem standområde ved OsloMet:
Det er berre lov å ha stand ved angitt plass av omsyn til branntryggleik.
.
Alle søknader om stand ved OsloMet blir vurderte av eit samansett team som har høve til å avvise søknader.
Grunnlag for avvising av søknad kan vere at søkar ikkje oppfyller krav, tidlegare klager på søkar/verksemd, upassande åtferd, brot på tidlegare avtaler, regelverk eller anna.
.
Det er ikkje tillate å drive oppsøkjande aktivitet frå standen, studentane skal sjølve vende seg til dykk. Standverksemda må på ingen måte vere til hinder for passasje, rømming og trafikkflyt i området. Dersom de treng bord til standen, må de sjølve ordne dette. Det er berre tillate med eitt bord til stand, og dessutan ein roll-up som kan stå i tilknyting til bordet.
Oppslag og plakatar kan hengast på oppslagstavler på campus. Plakatar som blir hengde på andre flater vil bli fjerna.
Flyere kan plasserast på angitt område ved infosenter eller servicetorg. Kontakt desse for nærmare informasjon. Flyere som blir plassert andre stader vil bli fjerna.
Studentaviser og Khrono er dei einaste som har løyve til å marknadsføre seg på OsloMets studiestader. Oppsett av eigne stativ er ikkje tillatne utan avtale.
Infoskjermar finst i alle bygg på begge studiestader. Infoskjermane skal hovudsakleg brukast til aktuell informasjon retta mot studentane våre.
Fyll ut kontaktskjemaet vårt om du ønsker å nå alle studentar ved OsloMet eller ta kontakt med infosenteret på fakultetet om du ønsker å nå studentar på eit fakultet eller eit studieprogram.
OsloMet er aktive på Facebook, Instagram, TikTok, LinkedIn og YouTube. Her deler vi nyttig og relevant informasjon som retter seg mot ulike målgrupper, alt etter plattform.
Studentforeiningar ved OsloMet blir definerte som interne, og vi oppfordrar alle foreiningar til å nytte seg av OsloMets kontoar i sosiale medium for å marknadsføre seg sjølve og aktivitetane sine. Studentforeiningar kan kontakte for å bruke sosiale medium ved OsloMet.
OsloMet marknadsfører som hovudregel ikkje for eksterne aktørar. I spesielle tilfelle kan det gjerast unntak. Unntak blir vedtatt av Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon. Dette føreset at innhaldet er spesielt aktuelt for studentane våre.
.
For ledige stillingar sjå Facebook-gruppa vår ledige stillingar for OsloMet-studentar (facebook.com).