Vi besøker Øraker barnehage ein dag i oktober. Inne er både barn og vaksne i full gong med det dei liker aller best, å leike. Likevel tar fleire av dei tilsette seg tid til ein prat med oss. Dei har nettopp avslutta ei rettleiingsøkt med Jorge Roberto Navarro Fica, ein av to fagpersonar frå OsloMet som deltar i samarbeidet.
Vi ber styrar Gennet Niklander Sereche fortelje korleis samarbeidet kom i gang. DÃ¥ ho begynte som styrer i 2024, hadde ho allereie fleire idear om korleis barnehagen kunne utviklast vidare.
– Eg hadde allereie gjennomført ein del endringar og ønsket ikkje at personalet skulle gå lei av meg etter så kort tid. Vi trong ei anna stemme inn, og eg ville at utviklingsarbeidet skulle omfatte alle, ikkje berre enkelttilsette.
Gennet fekk høyre om tilskotsordninga for kollektiv kompetaseutvikling og tok kontakt med OsloMet, som hjelpte henne med søknaden om midlar. Resultatet blei eit treårig partnarskap.
Tid til å utforske og prøve ut
Barnehagen ønskte å styrke kompetansen om leik, eit team som rommar mykje. Fagpersonane frå Oslomet var derfor tydeleg på at det første året burde brukast til å bli kjent, prøve ut idear og finne ei felles retning.
– Vi er eit svolte personale som liker å teste nye idear og er utolmodige etter å sjå resultat. Det første året prøvde vi ut mykje ulikt, blant anna korleis vi kunne utvikle det fysiske leikemiljøet, fortel pedagogisk leiar Mats Sjøgren Nilsen.
Då året skulle evaluerast, sat personalet likevel igjen med ei kjensle av at dei ikkje hadde oppnådd nok.
– Men Jorge og co. stilte oss gode spørsmål som fekk oss til å sjå alt vi faktisk hadde fått til. Leikemiljøet hadde utvikla seg mykje, og vi hadde lagt eit godt grunnlag for arbeidet vidare, seier Gennet.
Jorge understrekar at utprøvinga var ein viktig del av prosessen.
– Ein mÃ¥ tore Ã¥ stÃ¥ i det uavklarte, teste og bli kjent. Det gir oss høve til Ã¥ skreddarsy utviklingsarbeidet til behovet til barnehagen. Eg spør ofte personalet om det vi gjer gir meining for dei. Om ikkje, justerer vi opplegget.Â
Heile personalet skal med
Partnarskapet er no inne i sitt tredje semester. Etter det første året med utforsking og utprøving, jobbar barnehagen no med dei vaksnens rolle i leiken.
Gjennom fagleg påfyll, praktiske oppgåver og felles refleksjon utforskar personalet korleis små endringar deira kan påverke leiken til barna.
Fagpersonane frå OsloMet er blant anna med på fellesmøte, og barnehagen legg til rette for at alle tilsette kan delta. Ifølgje Gennet har samarbeidd også styrkt personalgruppa som team.
– Eg set samarbeidet høgt. Alle skal vere med, høyre det same og få eigarskap til utviklingsarbeidet. Vi har fått felles mål, og eg opplever at vi har blitt meir reflekterte i kvardagen. Det har gjort oss sterkare som team, fortel Gennet.
Ho understrekar også betydninga av si eiga rolle som leiar.
– Det er ikkje slik at OsloMet kjem inn og ordnar alt aleine. Eg har ei nøkkelrolle i prosessen, men må samtidig passe på at eg ikkje styrer for mykje. Arbeidet må gi meining for heile personalet.
Også Chiara Branchini, barne- og ungdomsarbeidar i Øraker barnehage, fortel at samarbeidet har gitt henne eit nytt blikk på eigen kompetanse.
– Tidlegare var eg veldig kritisk til mitt eige arbeid. Eg vil framleis lære og utvikle meg, men no ser eg også betre kva eg faktisk får til i møte med barns leik, og korleis eg kan bygge vidare på det.
Eit partnarskap der begge lærer
Kollektiv kompetanseutvikling bygger på eit likeverdig partnarskap, der barnehagen og OsloMet bidrar med ulik kompetanse og lærar av kvarandre.
For Jorge har samarbeidd gitt nye perspektiv på barnehagekvardagen.
– Vi må ikkje undervurdere verdien av dei langsame prosessane. Det er ofte når vi gir oss tid til å utforske og reflektere at læring og utvikling skjer. Det gjeld både for personalet og for moglegheitene barna har til leik og samspel.
Erfaringane tar han med tilbake til barnehagelærarutdanninga, der innsikta frå barnehagekvardagen bidrar til å utvikle undervisninga.
På veg ut av Øraker barnehage møter vi ein gut på rundt fire år. Vi spør han kva leik eigentleg er.
– Noko gøy!
Kanskje er det den viktigaste tilbakemeldinga av alle. For guten er leiken først og fremst morosam. Og sjølv om utviklingsarbeidet tidvis har vore prega av usikkerheit og utprøving, ser det ut til at også dei tilsette har funne både glede, læring og leik i prosessen.
Ønsker barnehagen din støtte til utviklingsarbeid?
Gjennom kollektiv kompetanseutvikling kan barnehagar få tilskot til kompetanseutvikling i partnarskap med OsloMet. Utviklingsarbeidet blir tilpassa barnehagen sine eigne behov, og OsloMet hjelper frå søknadsprosessen til gjennomføringa.

