– ViKom gjer digital teknologi lett tilgjengeleg og til ein naturleg del av kvardagen for eldre ved å bruke smart-TV. Slik kan dei kommunisere med andre, utvikle digital kompetanse og delta meir aktivt i kvardagslivet heime, fortel førsteamanuensis Way Kiat Bong ved Institutt for informasjonsteknologi.

– Dette er viktig fordi mange eldre opplever digital utanforskap, og treng hjelp til å bruke digitale løysingar. 

– Avstand kan gjere det vanskeleg å få slik hjelp, og mange tekniske framgangsmåtar kan vere vanskelege å hugse. ViKom brukar smart-TV-en som ein kjend og lett tilgjengeleg inngang til den digitale verda. Slik kan eldre venje seg til og øve opp den digitale kompetansen sin dagleg heime.

Når det digitale utanforskapet blir mindre, blir det enklare eller lågare terskel for eldre å kome i kontakt med familie, vener og andre. Slik kan teknologien bidra til å styrkje sosiale relasjonar og motverke einsemd.

Korleis fungerer så teknologien?

ViKom er ein app basert på Android TV som køyrer på smart-TV-en. 
Kommunikasjonen mellom brukarane skal vere enkel. Brukaren kan logge inn, sjå kontaktane sine og starte samtalar direkte frå TV-en.

Løysinga er utvikla med vekt på personvern og fleksibilitet. Med støtte frå Noregs forskingsråd gjennom heile 2027 er planen å vidareutvikle ViKom slik at løysinga også kan brukast på andre einingar, som nettbrett og mobiltelefonar, og i kommunale tenester.

– Kan dette bli ei rimeleg løysing som alle kan bruke?

– Absolutt! ViKom utnyttar TV-en folk allereie har heime, slik at dei ikkje treng å kjøpe nytt utstyr. Andre brukarar, som familie og venner, skal kunne bruke ein mobilapp.

Gjere det enklare for eldre med låg digital kompetanse

– Vi tenkjer særleg på eldre med låg digital kompetanse, mellom anna personar som får heimetenester.

– Eldre er ei svært samansett brukargruppe. Ein 80-åring kan ha heilt andre behov og føresetnader enn ein annan på same alder.

– For dei eldre kan ViKom gjere det enklare å meistre digital teknologi i kvardagen og halde kontakt med andre gjennom videosamtalar på TV-en dei allereie brukar.

Dei får betre høve til å kommunisere med familie, venner og heimetenestene. Digital heimesjukepleie er dessutan ei utvikling vi ser stadig meir av.

– For pårørande kan løysinga gjere det enklare å kommunisere med og følgje opp eldre familiemedlemmer digitalt, og å få oppdateringar om korleis dei har det.

– Vi snakkar ikkje om å erstatte fysiske møte, men om å leggje til rette for meir kontakt!

– For heimetenestene og kommunane kan ViKom bidra til betre koordinering av tenester i heimen og potensielt spare både tid og pengar.

– Samla kan dette gje større tryggleik og betre oversikt, samtidig som det blir enklare og mindre ressurskrevjande å halde kontakten.

Utfordringar som må løysast

– Kva hindringar må de overvinne for at ViKom skal bli ein realitet?

– Ei teknisk utfordring er å gjere ViKom enkelt å installere og bruke på andre plattformer enn Android.

– Ei anna utfordring er samarbeidet med kommunane. Vi ønskjer svært gjerne eit tettare samarbeid der kommunane er med på å utvikle og utforme løysinga. Men dette er ikkje enkelt, mellom anna på grunn av ressursane deira og prosedyrane for offentlege innkjøp.

Prosjektet varer ut 2027 og har fleire viktige milepålar:

  • Utvikling av prototype og brukartesting: – Vi skal gjennomføre brukartesting med til saman 20 deltakarar, både eldre og pårørande. Utviklinga skjer stegvis, slik at vi kan forbetre ViKom på grunnlag av erfaringane frå testane. Målet er å utvikle eit minste levedyktig produkt (MVP) som er klart for utprøving i eit pilotprosjekt.
  • Vidareutvikling og oppskalering: – Vi skal gjere ViKom tilgjengeleg på fleire typar smart-TV-ar enn dei som brukar Android TV. Samtidig skal vi involvere ulike brukargrupper, frå eldre og pårørande til kommunar.
  • Kommersialisering: – Vi skal undersøkje korleis ViKom kan utviklast til ei kommersiell løysing. OsloMet eig i dag dei immaterielle rettane til ViKom.
    Samarbeider med relevante aktørar

– Korleis vil de involvere eldre med ulik bakgrunn, og korleis skal de sikre brei representasjon?

– Vi har samarbeidd med brukarorganisasjonar for eldre som Seniornett og andre aktørar som kan hjelpe oss med å kome i kontakt med eldre.

– Seniornett har til dømes ei stor og variert medlemsgruppe, med mange eldre som ønskjer tryggleik, meistring og fellesskap i ein stadig meir digital kvardag. 

– Vi har hatt eit godt samarbeid med Seniornett, som har hjelpt oss med å rekruttere deltakarar til fleire prosjekt. Dei skal halde fram med dette arbeidet, slik at medlemmene kan delta i felles utvikling av løysinga og i brukartesting.

Gjennom brukartesting og intervju skal dei eldre få høve til å kome med innspel og bidra til å forbetre ViKom.

Seniornett kan dessutan bidra til å gjere prosjektet kjent gjennom nyheitsbrevet og medlemsbladet sitt.

– For å sikre at vi også får med personar med svært låg digital kompetanse, vil vi aktivt oppsøkje og snakke med dei. Det er viktig at også dei får høve til å delta.

– Kva rolle får samarbeidspartnarar som Norway Health Tech ?

– Norway Health Tech (NHT) bidreg med ressursar innan formidling, nettverksbygging og implementering. Dei skal også leggje til rette for samarbeid og partnarskap mellom OsloMet, kommunar og private aktørar.

Prosjektet vekkjer stor interesse

– Har de opplevd stor interesse for prosjektet?

– Absolutt! Eg har også fått tildelt ei doktorgradsstilling finansiert av Kunnskapsdepartementet, der forskinga skal handle om sosial innovasjon som kan ta i bruk ViKom.

– Vi har fått mange tilbakemeldingar på prosjektet, både positive og negative. Det viktigaste er å hugse at inga løysing passar for alle.

– Så lenge ViKom kan bidra til at nokon får ein betre kvardag, har vi nådd målet!

–  Kven er involverte frå OsloMet?

– Professor Weiqin Chen, som er ekspert på universell utforming, er med i prosjektet. Det same er professor Anne Lund frå Fakultet for helsevitskap (HV) og seniorrådgjevar Steinar Olberg frå innovasjons- og forskarstøtta ved Avdeling for forsking og utvikling, seier Way Kiat Bong.