Opplegget var ein del av prosjektet Gutar og barnehage (nhogeneo.no), der OsloMet samarbeider med NHO Geneo. Målet er å vise fram mannlege rollemodellar i barnehagen, og rekruttere fleire mannlege søkarar til utdanninga og yrket.
Først besøkte gutane barnehagar i Oslo, og fekk utforske barnehagelæraryrket i praksis.
Etterpå tok mange av dei turen til barnehagelærarutdanninga ved OsloMet. Her fekk dei vite litt om korleis barnehagelærarutdanninga er bygd opp, og fordjupe seg litt meir i natur, helse og rørsle, og dessutan forming og musikk.
Mannlege tilsette frå både barnehagar og barnehagelærarutdanning følgde gutane gjennom dagen. I tillegg fekk dei møte nokre mannlege studentar frå andre året på barnehagelærarutdanninga.
– Det var gøy!
– Korleis var det å vere i barnehagen i dag? spurde universitetslektor Elias Rossow Solheim, som hadde eit opplegg om fysisk fostring.
– Det var gøy! var det spontane svaret frå gutane i rommet.
– Det var fint å sjå korleis de leika med barna, og korleis de hjelpte dei. Eg synest de allereie får dette ganske bra til, sa Solheim.
Klar, ferdig, teikn!
Dagleg leiar Marius Larsen og pedagogisk medarbeidar Matias Ragnhildson Skamo frå Midstuen Kanvas-barnehage leidde ein sesjon om forming og musikk. Matias er også barnehagelærarstudent på deltid.
Her fekk gutane prøve både fri improvisasjon og meir rettleidd utfalding med teikning og trommer.
Kontrastane var store: Då gutane fekk ei oppgåve med å fullføre ei påbegynt teikning, herska den totale stilla. Då trommene blei henta fram, blei rommet fylt av rytmar og improvisasjon.
Fleire av gutane gav uttrykk for at det hadde vore ein annleis dag, og meir variert og praktisk enn dei hadde trudd.






