– Gratulerer med pris! Korleis reagerte du då du fekk beskjeden?
– Eg vart veldig overraska! Då e-posten kom inn, tenkte eg at det sikkert var litt generell info frå OsloMet. Men så skjønte eg at eg hadde fått denne prisen. Det var eit lite sjokk, rett og slett.
Lewend Mayiwar ved Handelshøyskolen, OsloMet disputerte med doktorgrad i 2023, og etter det har han fått til mykje, ifølgje juryen. Dei skriv mellom anna:
«Prisen for Lovende forsker går til en person som har bidratt med forskning av høy kvalitet, og som på svært kort tid har etablert seg som en forsker med betydelig vitenskapelig gjennomslagskraft og internasjonal anerkjennelse.»
Mayiwar fortel at han er takksam overfor både juryen og kollegaene, som han samarbeidar tett med.
– Fortel om forskinga di!
– Eg er interessert i korleis menneske gjer vurderingar og tar avgjerder under usikkerheit. Vi tar jo tusenvis av val kvar dag, mange av dei på usikkert grunnlag. Det er mykje som snik seg inn og påverkar oss utan at vi nødvendigvis er klare over det.
– Kva da, for eksempel?
– Emosjonar. Tenk deg at du får ein telefonsamtale som gjer deg sint eller engsteleg rett før du skal i gang med noko heilt anna, til dømes å sensurere studentoppgåver. Då kan kjensla, i nokre tilfelle, påverke korleis du vurderer oppgåvene, og om du går mest på magekjensla eller vurderer ting nøye. Men vi er ikkje alltid klare over det: at emosjonar kan overførast frå ein kontekst til ein annan. Kor påverka vi blir, avhenger også av kor godt vi klarer å regulere kjenslene våre.
– Kvar kjem engasjementet ditt frå?
– Eg synest jo at avgjerdspsykologi er spennande. Men det er også noko dei færraste av oss har fått opplæring i, trass i at vala våre kan ha store konsekvensar. Og kanskje er fagfeltet enda viktigare enn før: I dag får vi meir informasjon enn nokon gong, samtidig som det er mykje usikkerhet i verda. Det er meir vi må tolke og bearbeide, og meir å vere usikker på. For min del har det kanskje blitt enda vanskelegare å ta val.
– Kva er du mest stolt av?
– Det eine er at eg samarbeidar breitt, også internasjonalt, med forskarar som eg synest er flinkare enn meg, og som eg lærer mykje av. Eg blir fort med på ting eg synest høyrast spennande ut. I tillegg deler eg alle data ope, og eg har gjort fleire replikasjonsstudiar der eg etterprøver andre sine resultat. Då eg starta som stipendiat, trudde eg at all forsking var perfekt, men eg har skjønt at slik er det ikkje. Derfor er replikasjonsstudiar viktige.
– Kva råd vil du gje andre?
– Eg tenker at «imposter syndrom» er eit fenomen verdt å nemne: det å tvile på eigne evner. Det er ei vanleg kjensle både blant unge forskarar og andre, og noko eg kjenner på sjølv, òg. Eg tenkte at kjensla skulle gå bort då eg fekk mi første faste stilling, men det skjedde ikkje. Så fekk eg opprykk, men kjensla vart berre sterkare. Heller ikkje ein pris som denne tar syndromet bort. Eg har ikkje funne løysinga sjølv, men det kan vere nyttig å vite at det er vanleg.
– Kva skal du jobbe med framover?
– Fleire ting! Mellom anna skal eg halde fram med noko eg har jobba med ei stund: å prøve å forstå kvifor så mange av oss søkjer oss til skråsikre leiarar. Fleire studier tydar nemleg på at folk føretrekker leiarar som verkar skråsikre framfor dei som er opne om usikkerheit. Eg er interessert i å forstå kvifor, og under kva omstende dette skjer.

