Universitetsstyret ved OsloMet utnemnde 17. september tre nye æresdoktorar for framifrå bidrag på sine respektive fagfelt.
Dei tre nye æresdoktorane er:
- Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus, generalsekretær i Verdas helseorganisasjon (WHO)
- Maria Ressa, journalist og forfattar, vinnar av Nobels fredspris i 2021
- Britta Marakatt-Labba, anerkjend svensk-samisk tekstilkunstnar, målar og grafikar
– Folkehelse, ytringsfridom og kunst er tre viktige pilarar i eit globalt samfunn. Desse felta er også sentrale for OsloMet og gjenspeglar det spesielle ansvaret universitet har overfor samfunnet, seier rektor Christen Krogh.
– Æresdoktorgradane blir tildelt for dei markante bidraga generalsekretær i WHO, Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus, nobelprisvinnar Maria Ressa og den framståande samiske kunstnaren Britta Marakatt-Labba har gjort innanfor sine fagfelt, seier Krogh.
Om æresdoktorane
Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus:
Dr. Tedros er generalsekretær i Verdas helseorganisasjon (WHO). Han mottar æresdoktorgraden for sitt livslange arbeid for folkehelsa i ulike rollar, sist som generalsekretær i Verdas helseorganisasjon.

Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus. Foto: WHO Foto: WHO
Særleg er Dr. Tedros kjend for innsatsen sin under Covid-pandemien, men også innsatsen mot aids, mor-barn-helse, familieplanlegging og generelt for folkehelse med vekt på vilkåra for dei fattigaste og mest sårbare.
Dr. Tedros sitt bidrag til global helse og folkehelsa, i tillegg til dedikasjon hans til bruk av kunnskap og forsking, har stor innverknad både på helsevesenet og helsevitskapen. OsloMet ønsker å hedre arbeidet hans ved å utnemne han til æresdoktor.
Maria Ressa:
Den filippinske journalisten Maria Ressa er grunnleggaren av nyheitstenesta Rappler. Ressa mottar æresdoktorgraden for sin kamp for ytringsfridom og mot falske nyheiter og manipulasjon av det offentlege ordskiftet. Gjennom arbeidet sitt har ho vist stort mot og har halde fram arbeidet sitt til tross for at det har sett henne i personleg fare.

Maria Ressa på ein konferanse om kampen mot ekstremisme i sosiale medium i 2015. Foto: Foto: Deutsche Welle. Lisens: CC BY NC 2.0
For arbeidet sitt for å beskytta ytringsfridomen har ho mottatt ei rekke utmerkingar og prisar, mellom anna Nobels fredspris i 2021. Ressa er professor of professional practice ved Columbia University.
Tildelinga til Ressa for hennar kamp for ytringsfridom og demokrati er knytt til OsloMets mål om eit velfungerande demokrati og kompetanse for ei uforutsigbar verd.
Britta Marakatt-Labba:
Den svensk-samiske kunstnaren Brita Marakatt-Labba mottar æresdoktorgraden for sin betydningsfulle og lange kunstnariske innsats. Gjennom det kunstnariske arbeidet sitt som tekstilkunstnar, målar og grafikar er ho ein av Sapmis mest internasjonalt anerkjende og sentrale kunstnarar.

Britta Marakatt-Labba Foto: Sonja Balci
Kunsten hennar formidlar samisk kvardag og historie, med ein bodskap om at vi må ta vare på naturressursane. Ho er medgrunnleggar av Mázejoavku (Masi-gruppa) og Samisk Kunstnarforbund, og har på bakgrunn av virket sitt blitt tildelt ei rekke høgthengande utmerkingar.
Med utnemninga av Marakatt-Labba som æresdoktor løfter OsloMet fram betydninga av det kunstnariske arbeidet med særleg vekt på samisk kunst og kultur, og kunsten si rolle i miljøkampen. Tildelinga støttar opp om OsloMet sitt mål om ei berekraftig utvikling.
Om OsloMet
OsloMet er Noregs tredje største universitet. I over 200 år har OsloMet og universitetet sine forløparar bidratt til å bygge kunnskap og kompetanse for velferdssamfunnet.
OsloMet er i dag eit moderne universitet med stor fagleg breidde; frå kvantefysikk til barnevernspedagogikk, frå journalistikk til kreftsjukepleie. Universitetet er i dag særleg kjend for sine solide, store fagmiljø innanfor lærarutdanning, helse- og sosialfag, samfunnsforsking, design og teknologifag.
OsloMet er eit storbyuniversitet. Både forskinga og utdanningane er tett på lokale utfordringar og blir berika av det urbane mangfaldet rundt studiestadene våre i Oslo og på Romerike. Dette gir oss moglegheiter til å utforske nye løysingar for eit godt samfunn.
OsloMet er også eit internasjonalt universitet. Vi inngår i eit internasjonalt akademisk fellesskap med andre universitet over heile verda og tar i bruk og bidreg til ny forskingsbasert kunnskap på tvers av landegrensene.
OsloMet har tidlegare tildelt fire æresdoktorat, alle i 2020.
Les mer om æresdoktorene og tildelingsprosess her.