Den nye infrastrukturen vart offisielt opna med snorklipping 16. november 2026, og består av kraftige datamaskiner med spesialiserte prosessorar som kan utføre svært mange utrekningar samtidig. 

Dette er resultatet av ei strategisk satsing frå OsloMet gjennom strategiprosjektet, KI Infra. 

Satsinga gjev forskarar og studentar tilgang til reknekraft som mellom anna kan brukast til å utvikle og teste kunstig intelligens, analysere store datamengder og gjennomføre avanserte simuleringar.

Infrastrukturen er ein felles ressurs for heile OsloMet. Eit eige system fordeler reknekrafta mellom brukarane, slik at fleire forskings- og undervisningsmiljø kan nytte utstyret.

Dette er ikkje ein superdatamaskin på nivå med dei største nasjonale eller internasjonale anlegga, men ein kraftig, lokalt tilgjengeleg ressurs som kan gjere det enklare for fagmiljøa ved OsloMet å arbeide med KI og datakrevjande forsking. 

– Det er viktig for OsloMet å ha sin eigen infrastruktur der vi kan utvikle vår interne kompetanse og bruke spesialtilpassa løysingar som høver for våre behov, framhevar instituttleiar Andre Brodtkorb ved Institutt for informasjonsteknologi. 

Målet er å styrke forsking, utdanning og innovasjon ved universitetet.

Nye høve til forsking på tvers av fagområde

Infrastrukturen skal kunne nyttast innan teknologi, ingeniørfag, helsevitskap, samfunnsvitskap, journalistikk og ikkje minst utdanning.

Forskarar skal kunne utvikle, trene og teste eigne KI-modellar, mellom anna store språkmodellar.

Han kan også brukast til avanserte simuleringar, analyse av store datamengder og til dømes medisinske bilete.

Fagmiljø som ikkje tradisjonelt arbeider med KI, kan også få nye høve til å ta teknologien i bruk.

KI er ikkje berre for teknologar

Dekan ved Fakultet for teknologi, kunst og design, Laurence Habib, framheva at den nye infrastrukturen kan bidra til å bryte ned skiljet mellom teknisk og samfunnsorientert forsking.

Ho argumenterte for at KI-forsking både kan vere teknologisk avansert, praktisk orientert og inkluderande.

Eit interessant poeng er at OsloMet sjølv har fagkompetansen som trengst for å utvikle og bruke teknologien, utan å måtte overlate dette til eksterne konsulentar.

Avansert KI blir tilgjengeleg for fleire

Prosjektleiar førsteamanuensis Kazi Shah Nawaz Ripon ved Institutt for informasjonsteknologi understreka at infrastrukturen er eit tilbod til heile OsloMet.

Det er planlagt månadlege verkstader for brukarar som ikkje har den tekniske kompetansen som krevst for å nytte infrastrukturen på eiga hand.
Målet er å senke terskelen for å bruke avansert teknologi i forsking og undervisning.

På lengre sikt ønskjer prosjektet også å tilby tenester til aktørar utanfor universitetet, mellom anna utdanningsmiljø og oppstartsbedrifter.
OsloMet får større kontroll over eiga KI-forsking

Rektor Christen Krogh lagde vekt på kva det har å seie å ha kontroll over eigen forskingsinfrastruktur.

Når universitetet sjølv disponerer reknekrafta, vert det mindre avhengig av eksterne leverandørar og andre miljø sine behov. Det gjev oss fridom til å utvikle eigen kompetanse og spesialtilpasse den tekniske løysinga til våre behov.

Forskarane kan lettare eksperimentere, teste nye løysingar og lære korleis teknologien fungerer.

Kortare veg mellom forskarane og infrastrukturen kan også gjere utviklingsarbeidet meir effektivt.

Krogh understreka at det ikkje først og fremst handlar om fysisk nærleik, men om eigarskap, tilgang og kontroll.

Studentane får praktisk erfaring med KI

Infrastrukturen skal også nyttast i undervisninga. Studentar kan få praktisk erfaring med å utvikle, trene og teste KI-modellar.

Dette kan bidra til å utvikle utdanningstilbod som møter eit arbeidsliv der KI får stadig meir å seie.

Tilgangen kan vere relevant både for teknologistudentar og ikkje minst studentar innan andre fagområde.

Ei satsing som skal utviklast vidare

Prosjektet er finansiert fram til utgangen av 2027, og eit mål med prosjektet i 2027 er å operasjonalisere drift og fornying av infrastrukturen.

Prosjektgruppa ønskjer å utvikle infrastrukturen vidare, i samarbeid med ulike fagmiljø og med den sentrale IT-avdelinga.